NRK Meny

Storskyttar til Hildre/Brattvåg

Christian Holstad Lilleng har vore to gonger på Kongelaget på Landsskytterstemnet. Frå 1. oktober skyt han for Hildre og Brattvåg skyttarlag.

Tidlegare har han representert Råde, Moss/Våler, Engesetdal/Skodje og Ålesund.

No har han flytta til Haram og ønskjer å arbeide for eit skyttarlag i lokalmiljøet.

Lilleng blei årets beste bane- og felt-skyttar i Møre og Romsdal.

Christian Holstad Lilleng
Foto: Hildre/Brattvåg skyttarlag