NRK Meny
Normal

Storsatsing på småhytter

Når det no blir sett i gang bygging av microhytter i Stordal skal det gi 25 arbeidsplassar dei komande fem åra.

Steffen Leganger, Leif Inge Grønning og Frode Færøy

Tre optimistiske gründerar, Steffen Leganger, Leif Inge Grønning og Frode Færøy.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi vil få bruk for både snikkarar, målarar, flisleggarar og diverse, fortel dagleg leiar Steffen Leganger i InStordal.

Dette er ei nyskipa bedrift, men Leganger meiner det er ein vel gjennomtenkt ide, før dei no har slept nyheita. Bygginga av microhytter skal skje i dei gamle fabrikklokala til Pedro Møblar.

Både Leganger og Leif Inge Grønning har jobba som tømrarar i fleire år. No er tanken å bygge mindre hytter til ein pris av rundt ein million kroner.

– Vi har bygd ein del hytter opp igjennom åra, og dei fleste har vore kostbare. Vi har tenkt at det bør vere ein marknad for rimelegare hytter også, fortel Grønning.

Spektakulær transport

InStordal la fram planar om microhytter

InStordal teikna og forklarte då planane blei vist fram for alt folket.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Hyttene skal bli bygde heilt ferdige innandørs, før dei skal bli frakta til hyttetomtene ved hjelp av kranbil eller helikopter.

Leganger og Grønning meiner dei kan kome opp i ein årleg produksjon på 100 hytter i løpet av dei komande fem åra.

Planane er no presenterte for dei som bur i Stordal, men før ein kom så langt har mange vore nysgjerrige på InStordal og kva dei skulle finne på. Rykta har gått i Stordal om kva som skulle kome, og då planane blei presenterte, var Frivilligsentralen heilt full av folk.

Der fekk dei høyre om microhyttene, som er frå fem til 50 kvadrat. Gründerane trur sjølve at bestseljaren blir på 40 kvadrat. Dei minste er tenkt til anneks, gjestehus eller modular som kan vere eit supplement til dei andre hyttene.

Opptur i Stordal

Møbelbygda Stordal har tapt over 400 arbeidsplassar innanfor møbel dei siste 30 åra. Då er det til god hjelp at InStordal etter kvart kan tilby 25 nye arbeidsplassar.

– Eg har trua på dette, og det skal bli spennande å sjå om andre er like positive som meg. Eg treng i alle fall ikkje ei hytte på 100 kvadrat, for eg likar mindre bygg, seier Jan Hugo Overøye.

Frivilligsentralen i Stordal var full av interesserte

Frivilligsentralen i Stordal var full av interesserte då planane blei presenterte.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det er absolutt positivt og spennande. Stordal treng arbeidsplassane, seier Daniel Vad. Han er spent på kva som skjer når salet kjem i gang over nyttår.

Også dei som styrer og steller i Stordal er spente på mottakinga. Dei har opp gjennom åra registrert arbeidsplassane som har gått tapt, og ser positivt på at nokon tør å satse.

– Det er kjekt å høyre entusiasmen, og dette er noko Stordal treng, seier Arbeidarpartiordførar Eva Hove, som sjølvsagt jublar over arbeidsplassane.

Kommunen har vore orientert, og har støtta opp gjennom Vekst i Stordal. Den prøver og å legge til rette med tanke på tomter og regulering.