Storsal før cupfinalen

AaFK-tilhengarane satsar på å farge Oslo oransje til helga.

Tusenvis av klesplagg går unna i supporterbutikken Tango Shop i Ålesund, som har forlenga opningstida denne veka.

Sjølv om supporterutstyr er god butikk heile året, er cupfinalen med på å auke salet, og det gjer Tangoshop til millionbutikk for AaFK.