Redningshelikopter, luftambulanse og skredgruppe er sendt til fjellet Dyrdalstind i Fjord kommune på Sunnmøre, etter melding om eit større snøskred.
Skredet skal ha gått nær toppen, ifølgje HRS Sør-Norge.
Det blei søkt med redningshelikopter, luftambulanse og skredgruppe.
– Vi har ingen indikasjonar om at nokon er tatt, men sett inn redningsaksjon for å vere sikker, sa operasjonsleiar i politiet, Leif Arne Mork, tidlegare.
Klokka 20.20 melde politiet at søket blir avslutta. Skredet blei vurdert til å vere minst eit døgn gammalt, og det er derfor lite truleg at nokon er tekne.
Redningsmannskapane har også sjekka ut skispor i området.
Fjellet ligg på indre Sunnmøre, ikkje langt frå Romsdal.
– Meldar har ikkje sett skredet gå, men har varsla om det, seier Mork.