Hopp til innhold

Satsar alt på berekraftig turisme og skreddarsydde opplevingar

– Det einaste vi skal legge igjen i naturen er fotavtrykket vårt, seier Anniken Aakvik i «Offbeat Adventures». Berekraftig turisme er ein veksande trend innan reiselivet.

Anniken Aakvik er dagleg leiar i bedrifta «Offbeat Adventures»

Anniken Aakvik er dagleg leiar i bedrifta «Offbeat Adventures». Dei tilbyr lokale og berekraftige opplevingar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Aakvik er ein av 360 norske reiselivsaktørar som merkar aukande interesse for miljøvennleg reiseliv under Norwegian Travel Workshop i Ålesund. Denne veka møter norsk reiselivsnæring 370 turoperatørar frå 32 ulike land.

Reiselivskonferanse Ålesund

360 norske reiselivsaktørar møter denne veka turoperatørar frå 32 land. Gjennom speeddating skal dei selje sitt tilbod etter beste evne.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi kan ikkje berre bruke naturen, vi må også ta vare på den. Vi ser at mange ønskjer å bidra, seier Anniken Aakvik i «Offbeat Adventures».

Dei tilbyr lågterskel turar for alle, også kalla Soft ECO Adventures.

– Dette er miljøvennlege og berekraftige turar med lokal forankring. I tillegg er vi miljøtårnsertifisert. Det einaste som skal ligge igjen i naturen er fotavtrykket vårt.

Turistar kan få plukke søppel

Turistar kan få plukke søppel i fjøra

«Offbeat Adventures» skreddarsyr opplevingar for turistar. Søppelplukking i fjøra er ein av dei.

Foto: Odd Arne Maridal

Selskapet har no vore i drift i ca. eit år, og går mot det som ser ut til å bli ein svært god sesong. Deira kundar kan delta på ulike turar og matsanking, lære om lokal mat og kultur, og til og med vere med å plukke søppel langs strandkanten eller turstiane. Dette kallar ho frivillegheitsturisme.

– Eg trur at om du kjem frå andre sida av jorda og reiser i tre veker, så synest du kanskje det kan vere spennande å gi noko tilbake, seier Aakvik.

Satsar på elektriske båtar

Og dei er ikkje aleine i satsinga på berekraftig turisme. Ole-Hjalmar Bonsaksen er grunnleggar av familiebedrifta «Bonsye» på Hellesylt i Stranda. Dei tilbyr mellom anna mat- og konsertopplevingar, i tillegg til guida sightseeingturar i båt og fisketurar.

Ole-Hjalmar Bonsaksen

Ole-Hjalmar Bonsaksen seier at berekraftig turisme er sjølve ryggrada i selskapet «Bonsye».

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Selskapet er blant dei første til å utvikle utsleppsfrie og elektriske båtar som skal frakte turistar på Storfjorden og Geirangerfjorden, som er på verdsarvlista. For Bonsaksen har berekraftig turisme vore viktig heilt sidan oppstarten.

– Det er sjølve ryggrada i selskapet. Ein er nøydd til å vere berekraftig, for slik som vi held på i dag, det går ikkje i lengda, seier Bonsaksen.

Han meiner at alle må ta i eit tak for å skape meir miljøvennlege reiseopplevingar.

– Det er vårt ansvar å gjere ein forskjell. Når det gjeld miljøet så heiter det at ein skal tenke globalt og handle lokalt. Det blir for lett å seie at ein ikkje kan gjere noko med det.

Reiselivskonferanse i Ålesund

Hos fleire av dei norske reiselivsaktørane hang the skilt med teksten «Green travel».

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Fleire er opptatt av miljøet

Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, seier bransjen no har eit større fokus på å selje Noreg som ein heilårsdestinasjon. Dette for å unngå at nokre turistplassar blir overbelasta. Ho merker også eit større fokus, både blant reisande og turoperatørar, på berekraftige reiseopplevingar. Og trenden er aukande.

Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Norge

Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, merker eit større fokus, både blant reisande og turoperatørar, på berekraftige reiseopplevingar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Reiselivet er veldig klar over den utfordringa vi står overfor når det gjeld å vere berekraftig. Dei komande generasjonane av reisande har eit heilt anna krav. Dei kjem ikkje berre durande inn i ei bygd på ein buss og så reiser dei igjen. Dei er nysgjerrige, ønskjer å kome i kontakt med lokalbefolkninga og å vere forsvarlege reisande.