Det seier arbeidsformann i selskapet Mesta , David Grøvdal.
I følgje Statens Vegvesen var dei ei stor steinblokk som losna, og rasa nedover med ei breidde på omlag 200 meter.
I fjor gjekk det også eit ras i det same området på denne tida av året, men Grøvdal seier dette er det største raset han har sett.
Frå raset i Trollstigen natt til måndag.
Framleis vinterstengd
Den storslåtte turistattraksjonen har fått ei gedigen skrape i lakken etter raset . Til alt hell var vegen framleis vinterstengd. Det 200 meter breie steinraset gjorde store skadar på vegbana.
Først etter påske kjem det geologar til staden for å undersøke om ein kan vente seg fleire ras i området.
Det er allereie brukt 30 millionar kroner på rassikring i Trollstigen. Seksjonsleiar Ivar Hol i Vegvesenet seier at rassikringsarbeidet i Trollstigen ikkje blir utvida som følge av steinraset. Han meiner det ikkje går an å sikre seg mot slike store ras i dette området.
Reiselivet fryktar utsetjing
Trollstigvegen skal etter planen opnast for sesongen den 20. mai, og reiselivssjef i Rauma, Thomas Brekken, fryktar at opningsdatoen kan bli utsett.