Hopp til innhold

Storøving under MFK-AaFK

Det var ikkje berre spelarane som fekk trening under kampen i Molde søndag kveld.

Beredskapsøving Aker Stadion

Om lag 350 av 'Stadions Venner' øver søndag kveld på beredskap på Aker Stadion.

Foto: Roar Strøm / NRK

Beredskapsøving Aker Stadion

Både politi, brann og ambulanse er med på øvinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

Søndag gjekk nemleg arrangørstaben i gang med ei stor øving for å førebu seg på sesongstarten.

Molde sterkast

Kampen enda 1-0 til heimelaget , men bak kulissene var det langt meir som skjedde enn det er til vanleg på kamp.

Arve Tovan er tryggingssjef på Aker Stadion, og han seier til nettsidene til MFK at målet er å trene tverrfagleg på ting som kan oppstå i samband med arrangement på stadion.

- Øydelegg ikkje for kampen

Dette er tinga det skal trenast på:

  • Fyrstehjelp.
  • Handtering av vanskelege publikummarar og grupper.
  • Etterretning.
  • Evakuering.
  • Korleis handtere røykboksar, bluss og anna pyroteknisk utstyr.
  • Søk i røykfylt område.

- Dette vil ikkje øydelegge for det sportslege. Kampen vil gå utan forstyrringar, men det vil skje ting på tribunen under kampen, og publikum må basere seg på å bli evakuert i pausen, seier tryggingssjefen til moldefk.no.

Brannbluss på Aker Stadion

Bluss og andre pyrotekniske reiskapar var blant tinga som mannskapet på Aker Stadion skulle øve seg i å handtere.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL