Hopp til innhold

Storordre til saltprodusent på Aukra

Salt frå Aukra blir snart å finne i alle Meny-butikkar over heile landet. No blir det pakka på spreng for å rekke leveringsfristen.

Saltproduksjon på Aukra. Fv Arve Peder Øverland og Michal Bietz Øverland ved North Sea Salt Works på

Ekteparet Arve Peder og Michal Bietz Øverland gler seg til å sende salt frå Aukra til alle Meny-butikkar i heile Noreg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Storordren frå Norgesgruppen vil bety enormt mykje for familiebedrifta North Sea Salt Works på Rindarøya i Aukra som har satsa alt på saltproduksjon.

– Vi fekk beskjed frå Norgesgruppen like før jul at dei vil satse 100 % på saltet «Havsnø», seier Arve Peder Øverland. No skal det ut til alle Meny-butikkane i heile Noreg, seier han.

Saltet "Havsnø" fra North Sea Salt Works

Flaksaltet 'Havsnø' frå North Sea Salt Works på Aukra

Foto: Roar Strøm / NRK

Salt frå Saltsteinsleia

Ideen til saltproduksjonen kom for om lag fem år sidan. På ein fisketur i familiebåten ved Saltsteinsleia ut mot Ona Fyr fylte Michal fleire ti-liters kanner med sjøvatn. Kvar kanne blei merkt med nøyaktig posisjon. Tilbake på land starta ho opp krabbekokaren i naustet. Dermed begynte eksperimenteringsprosessen og historia om det som i dag har resultert i «Havsnø».

Jobbar på spreng

– No jobbar vi på spreng for å pakke saltet og laste på pallar. Ordren gjeld frå midten av februar, seier Arve Peder Øverland.

North Sea Salt Works

Fabrikken til North Sea Salt Works på Rindarøya i Aukra

Foto: Roar Strøm / NRK

Kor viktig er ei slik kontrakt for dykk?

– Det er klart at det er kjempeviktig. Vi har lyst til å lage eit salt som alle i Noreg kan få tak i. At folk kan få norsk salt på egget om morgonen, seier Øverland.

.