Hopp til innhold

Stormfull helg i Møre og Romsdal

Politiet i Nordmøre og Romsdal har fått inn fleire meldingar om skadar etter den kraftige vinden i helga.

Ruskever i Surnadal

Ruskever i Surnadal

Foto: Ingrid Sollid

– Vi har merka at det har blese kraftig i distriktet vårt i helga, ja, seier operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Torry Åkenes.

Stormfull helg på Nordmøre og i Romsdal

Meteorologane var tidleg ute og melde at det kom til å verte stormfullt i helga.

Verst skulle det verte langs kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag, der det var venta nordvestleg liten og opp mot full storm frå nordvest.

Les:

Og vindfullt vart det. Spesielt på Nordmøre og i Romsdal.

Politiet har fått fleire telefonar i helga om skadar som har skjedd som følgje av veret.

Laurdag blåste delar av eit tak av eit bustadhus på Smøla

– Ja, då bles det ganske så kraftig, seier Åkenes.

– Brannvesenet var raskt ute og sikra takplatene for å hindre meir skade.

I tillegg til vinden, har store nedbørsmengder gjort mykje skade fleire plassar på Nordmøre.

Les:

Lause gjenstandar i lufta

På fylkesveg 64 på strekninga frå Sølsnes til Eidsvåg, bles eit tre over ende og sperra vegen.

– Vi fekk inn ganske mange meldingar då vinden stod på som verst. Heldigvis har vi ikkje fått meldingar om personskader, seier Åknes.

– Mykje har hamna i lufta i løpet av helga. Det har vore materiale frå byggetomter, bygningsisolasjon og ein tilhengar har falle over ende.

Les også:

Roleg natt til søndag

Etter kvart som vinden spakna, har det vorte rolegare hos politiet.

– Det har blese i natt også, men ikkje så kraftig. Så i natt har det vore roleg for politiet.

Sjølv om det har blese opp til sterk storm har ikkje politiet hatt noko ekstra mannskap i helga.

– Nei, det såg vi ikkje behovet for. Det vanlege mannskapet vårt har vore dekkande nok, seier operasjonsleiaren.

Sjølv om det også har vore vindfullt på Sunnmøre, har ikkje politiet opplevd same pågangen der som politiet i Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Operasjonsleiar Arild Reite opplyser til NRK at dei ikkje har motteke telefonar om skader som følgje av den kraftige vinden i helga.