Hopp til innhold

Stormen nøgd med trekking

Supporterleiar Tom Walderhaug er glad for at Aafk møter skotsk eller islandsk motstand i europacupen.

Tom Valderhaug

LEIAR: Supporterleiar Tom Valderhaug gler seg til bortekamp i Skotland eller Island.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Fredag var AaFK sin motstandar i tredje kvalifiseringsrunde til europaligaen klar.

Dei oransjekledde møter vinnaren av kampen mellom skotske Motherwell og islandske Breidablik.

AaFK kan møte Breidablik

Molde kan møte Stuttgart

- Ønsketrekking

- Dette var ei ønsketrekking, seier leiar Tom Walderhaug i Stormen.

Han meiner AaFK bør ha gode sjansar til siger mot begge laga.

Walderhaug trur dei skal klare å fylle opp oppimot 500 plassar på islandske eller skotske tribunar når den tid kjem.

- No må me mobilisere. Heldigvis vart det bortekamp sist, så me rekk å organisere oss litt først.

- Fine motstandarar

Også frå bana kjem nøgde nikk.

- Det var to fine motstandarar. Me er i stand til å slå begge desse laga, seier AaFK-spelar Amund Skiri.

Han får støtte av trenaren.

- Eg reknar sjansen vår til å kome vidare for er femti - femti, seier trenar Kjetil Rekdal.