NRK Meny
Normal

Stormen med eige AaFK-fly

Stormen har skaffa eige fly til AaFK sin aller første europacupkamp.

Stormen jubler
Foto: Torgersrud, Marius / Scanpix

Fredag var det klart at AaFK møter islanske Breidablik eller skotske Motherwell i sin aller første kamp i europacupen.

LES MEIR: AaFK kan møte Breidablik

LES OGSÅ: Molde kan møte Stuttgart

Vil fylle opp

- No er det viktig at supporterane stiller opp for laget, sa supporterleiar Tom Walderhaug til NRK då trekkinga var klar fredag.

LES MEIR: Stormen nøgd med trekking

Sidan har supporterklubben Stormen brukt tida på å legge til rette for nettopp det.

Dei har skaffa eit eige fly, med fast pris på 4500 kroner fram og tilbake.

- Kjempetilbod

Tom Valderhaug

LEIAREN: Tom Valderhaug.

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Du vert køyrd frå dør til dør. Dette er i praksis eit skikkeleg kjempetilbod, skriv Walderhaug i ei pressemelding.

Klubben jobbar også med å finne tilhaldsstadar for supportarane i utlandet, men detaljar må vente til det er klart kva for eit land det vert.

Motherwell slo Breidablik 1-0 i den første kampen. Returoppgjeret skal spelast på Island førstkommande torsdag.