Hopp til innhold

Stormen måtte dempe seg

AaFK-supporterar i Alkmaar

På plass på torget i Alkmaar, men fekk beskjed om å dempe seg.

Foto: Arne Flatin / NRK

På plass i Alkmaar sentrum. Rundt 120 supporterar frå AaFK. På ein uterestaurant i byen som ligg nord for Amsterdam. Politiet står vakt rett ved sida av, og har bedt sunnmøringane om å dempe seg for ikkje å provosere.Og sjølv om dette er rein rutine, så er det eit hardt supportermiljø i AZ Alkmaar. Politiet fryktar bråk.

Politiet på plass på torget i Alkmaar

Politiet på plass

Foto: Arne Flatin / NRK

Andre Eidskrem er dedikert AaFK-supporter. Han reagerer på at stemninga vert dempa.

- Vi har halde oss i Amsterdam nettopp for å hindre bråk. Vi synest det er uheldig at dei må rydde heile torget fordi vi er her. Dei gjer det for å førebygge bråk, men likevel.

- Vi skulle ikkje synge, eller gjere noko anna som kunne provosere dei nederlandske supporterane.

Om kampen seier Eidskrem at han håper at det går bra.

Andre Eidskrem

Andre Eidskrem

Foto: Arne Flatin / NRK

-Det er ikkje så mange som trur at vi skal vinne, men vi håper på ein uavgjort. Vi veit at dersom vi går inn for å forsvare oss så taper vi kampen. Ein 10-0-0 formasjon ville nok ikkje fungere. Vi må gå i angrep når vi har sjansen til det og true forsvaret til AZ Alkmaar.

- Uansett er vi fornøgde før kampen med innsatsen i Europa. Vi er stolt av klubben som no har ein reell sjanse til å gå vidare til gruppespelet. Vi føler vi har vunne sjølv om vi skulle tape kampen i kveld, seier Eidskrem og får støtte frå dei andre supporterane som fargar den nederlandske byen Alkmaar oransje i kveld.