Hopp til innhold

Storm og sommartemperaturar

Eitt ferjesamband blei instilt i natt. Fleire stader var det opp mot 20 grader i morgontimane.

Storm

Illustrasjon.

Foto: Thommy Dahl Olsen

Sterk vind gjorde at ferja som går mellom Flatholmen og Valderøya blei liggande til kai i natt. Det blei i staden køyrt kolonne gjennom Ålesundstunellane der det for tida pågår sikringsarbeid.

Eit tre hamna over Fjelltunvegen i Ålesund, og ned mot hovudvegen i Brattvåg i Haram har fleire tre gått over ende.

Mykje regn og vind har truleg medverka til eit mindre steinsprang på riksveg 70, mot Vermøy i Sunndal.

Politiet og brannvesenet har ikkje fått melding om store skadar i morgontimane.

Stormobservasjonar fleire stader

På Ona fyr bles det i natt sørvest full storm, på Svinøy fyr har meteorologane observert ein vindstyrke opptil sterk storm.

Meteorolg Arnstein Tjøstheim ved Vervarslinga på Vestlandet seier at det er eit kraftig lågtrykk sør i Norskehavet som er årsaka til den sterke vinden.

-Lågtrykket går sakte nordaustover, noko som gjer at det blir minkande vind utover dagen.

Høge temperaturar

På Sunndalsøra blei det målt 20 grader rett før klokka seks i dag tidleg. 19 grader blei notert på Åndalsnes, Valldal 17 grader og Molde 16 grader.

- Grunnen til at vi får så høge temperaturar er at det av og til kan oppstå ein føneffekt når det kjem sørlege vindar. Det vil seie at lufta blir varma opp på veg ned frå fjella fordi den går mot høgare trykk, forklarar Tjøstheim.

Han seier at det i dag er venta litt lågare temperaturar enn i går.

Video nsps_upload_2009_9_9_13_12_41_1126.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ved Kolvikbakken ungdomsskule i Ålesund blei eit stort tre tatt av vinden. Det la seg borti eit anna tre og måtte fellast...