NRK Meny
Normal

Storm og mykje nedbør i dei komande dagane

Leit fram regnkleda og hald på hatten. Det er venta store nedbørsmengder og kraftig vind i Møre og Romsdal i løpet av dei komande dagane.

SKJERMDUMP YR.NO

NEDBØR: Det er venta store nedbørsmengder og kraftig vind i Møre og Romsdal i løpet av dei komande dagane.

Foto: SKJERMDUMP YR.NO

Det er faktisk meldt så mykje nedbør at Meteorologisk institutt valde å sende ut eit OBS-varsel for Møre og Romsdal. I tillegg varslar Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om jord- og flaumskredfare i fylket.

Metrologisk institutt opplyser at det søndag er venta liten til full storm på kysten og i fjellet. I tillegg skal det kome lokalt mykje nedbør. Det kan kome mellom 40–60 mm nedbør på om lag 12 timar, og det er venta mest nedbør i ytre strøk.

Nedbøren vil minke noko natt til måndag, men frå måndag kveld til tysdag kveld ventast det igjen store nedbørsmengder. Då kan det kome mellom 60–80 mm i løpet av eit døgn, noko som fører til ein risiko for høg vasstand.

Flom- og jordskredfare

Det er på grunn av mykje regn og regnbyer at NVE sende ut eit varsel jord- og flaumskredfare søndag.

Mykje nedbør ventast framleis i løpet av dagen, med størt intensitet fyrste delen av søndag. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

– Reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner er difor å anbefale, opplyser NVE.

www.varsom.no kan du finne eit oppdatert varsel frå Møre og Romsdal.