NRK Meny
Normal

Stormen i natt: Flerra av tak på stadion i Ålesund

Stormen i natt har tatt godt tak fleire stader i Møre og Romsdal. På Color Line Stadion i Ålesund blei delar av taket på publikumstribunen flerra av.

Taket flerra av på Color Line stadioin

Delar av taket på publikumstribuna på Color Line stadion blei flerra av i stormen i natt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ole Bjørn Harang

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt seier dei har fått mange meldingar i løpet av natta.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det har kome meldingar om lause gjenstandar gjennom heile natta, men det ikkje meldt om store skadar på verken folk eller dyr, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Color Line stadion, taket flerra av

Taket blei liggande nedover veggen på stadion etter at vinden hadde herja med det.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Color Line stadion, taket flerra av

Det blei sett opp politisperringar på staden natt til tysdag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix
Vinden førte til at delar av taket på Color Line stadion i Ålesund løsna i den sterke vinden.

– Vi fekk melding om dette i natt, ja, og området har blitt sikra, seier Harang.

Laster Twitter-innhold

Området er no sperra av og skadane blir vurdert så snart det er lyst.

Straumstans fleire stader

Værtkart tirsdag

Mange hadde merka seg varselet om storm på kysten.

Foto: Meteorologisk institutt

Måndag kveld var straumen borte på i Gjemnes og på Søre Sunnmøre.

Istad Kraft melder at dei hadde eit straumutfall i området frå Batnfjord sentrum til Hoem seint måndag kveld. Dette skuldast trefall over høgspentlinja. Om lag 500 kundar var råka, men dei fleste hadde straumen tilbake innan klokka 01.00.

Mørenett skriv på sine nettsider at dei har hatt kortare straumutfall i Ulstein, Hareid, Vanylven og Sande på grunn av vind og lynnedslag. Nokre stader har det ikkje vore råd å rette feilen i løpet av natta på grunn av verforholda.

Også fleire ferjesamband har vore innstilte på grunn av den sterke vinden.

– Kan bli fleire meldingar når det blir lyst

Harang ser ikkje bort frå at det vil kome fleire meldingar når det har blitt lyst.

– Det kan jo vere at folk oppdagar meir når dei har fått stått opp og sjekka. Men vi håper det ikkje er store ting.

Politiet på Sunnmøre bad elles folk vere forsiktige i går kveld. Harang seier det kan verke som om folk har halde seg inne i stormen.

Laster Twitter-innhold

– Det er vel slik at folk på kysten er vane med mykje ver, så dei passar på både hus og folk. Så det gjer nok at det er mindre ferdsel ute.

Rør i vegbanen

Også politiet på Nordmøre og i Romsdal har merka stormen i natt, men heller ikkje her er det meldt om store skadar. I Molde blei det meldt om rør som hadde hamna i vegen.

Laster Twitter-innhold

Det blei også meldt om tre som sperra vegar fleire stader. I tillegg føret tette rister til at det blei mykje vatn i vegen i Batnfjord sentrum.

Laster Twitter-innhold