Hopp til innhold

Storkontroll avdekte feil og manglar på turistbussar

GEIRANGER (NRK): Fire turistbussar fekk køyreforbod i storkontroll av turistbussar på Vestlandet. Bussane hadde oljelekkasjar, mangla transportløyve og var for tungt lasta.

Turistbuss Geiranger

Turistbussane køyrer på smale og svingete vegar i Geiranger. No fokuserer vegvesenet på tryggleiken til passasjerane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Turistbussane køyrer tett i tett opp og ned dei svingete og tronge vegane i Geiranger. Både på Geirangervegen aust for Geiranger og i Ørnesvingane i vest legg bussjåførane ned ein stor innsats for å få køyretøya sine fram. Turistane vil ha dei beste utsiktspunkta og vil gjerne ta dei aller beste bileta frå ferie-eldoradoet inst i fjordane på Sunnmøre.

– Nokre dårlege bussar

Bussane som køyrer på desse bratte vegane er både norske og utanlandske. Og det er slett ikkje alle bussane som er av heilt ny dato. Nede på fjorden ligg to store turistskip. Turistane skal fraktast rundt omkring i heile området for å få med seg mest mogleg av landskapet langs fjordane i Noreg.

Reidar Hjelle

Reidar Hjelle køyrer buss for eit lokalt selskap på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Roar Ødegård

Roar Ødegård er kontrolleiar i Statens vegvesen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
– Her er svært mange bussar. Og nokre av dei er kanskje litt dårlege, seier bussjåfør Reidar Hjelle i Haram Turbuss.

– Gamle bussar tek toppane

Øvst i Ørnesvingane i Geiranger arrangerte dermed Statens vegvesen den største kontrollen av turistbussar som nokon gong har vore gjennomført i turistmagneten Geiranger.

– Når det kokar så mykje som det gjer og det kjem så mykje turistar så kjem det litt eldre bussar også. Vi ønskjer å sjå på om nokon av dei har væskelekkasje og slike ting, seier Roar Ødegård, kontrolleiar i Statens vegvesen.

– Fryktar brannar i tunnelar

To bussar fekk køyreforbod på grunn av oljelekkasje frå motoren. Og det er brannfaren som er årsaka til at vegvesenet slår hardt ned på store køyretøy med oljelekkasje.

– Vi er først og fremst opptekne av brannfaren. Tunnelbrann med buss full av passasjerar er noko av det verste scenario vi kan tenkje oss. Og turistbussane køyrer gjerne opp og ned Vestlandet der tunnelane ligg tett, seier Ødegård.

Turistbuss-kontrollen tysdag var den største som har vore på Vestlandet nokon gong. Og for første gong samarbeider Region Midt og Region Vest om ein slik kontroll. Kontrollane strekte seg frå Sognefjorden i sør til området kring Storfjorden i nord. Dermed dekte kontrollen noko av det mest turist-intensive området i Noreg.

Bussar Ørnesvingane Geiranger

Smalt: Dette var situasjonen på Ørnevegen i Geiranger i dag. Bussane som fekk køyreforbod var av utanlandsk opphav. Bildet viser altså ikkje bussar som fekk køyreforbod.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Godt at de tek vare på turistane

I tillegg til oljelekkasjane fekk eit køyretøy køyreforbod for manglande transportløyve. Éin fekk køyreforbod fordi bussen var lasta for tungt. Éin busspassasjer fekk gebyr fordi han ikkje hadde på seg bilbelte. Og tre bussjåførar fekk åtvaringar på grunn av brot på køyre- og kviletid.

– Det er så bra å kome til eit vakkert land som tek vare på ikkje berre sine eigne innbyggjarar men også på tryggleiken til turistane, seier Christiano Bertelli. Han er turist og kjem frå Italia.

Turismen i Noreg aukar. Dette er også årsaka til at vegvesenet har valt å intensivere kontrollane med turistbussane.

– Dette er viktig med tanke på den turistmengda som er no. Det har vore ein stor auke. Og vi veit at det kan få svært store følgjer om det skjer ei ulukke, seier leiar for kontrollen, Roar Ødegård.

Kontroll i turistbuss

Christiano Bertelli sette pris på at Statens vegvesen såg etter at turistane brukte bilbelte. Berre ein busspassasjer måtte betale på grunn av manglande beltebruk. Bertelli hadde alt i orden.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kontrollane held fram i morgon.

'

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL