Hopp til innhold

Storkontraktar til verft på Sunnmøre

To verft på Sunnmøre feira nye kontraktar på rundt 600 millionar kroner fredag. Fiskerstrand verft si satsing på havbruksnæringa gir utteljing.

Både Fiskerstrand verft og Kleven verft feira fredag storkontraktar.

Einar Kjerstad

Einar Kjerstad er salssjef ved Fiskerstrand verft.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er først og fremst eit spørsmål om konkurranse-evne og effektiv organisasjon, seier Einar Kjerstad som er salssjef ved Fiskerstrand verft.

Fiskerstrand verft i Sula har vunne konkurransen om å få bygge to høgteknologiske brønnbåtar for Frøy Rederi AS. Det er Frøy Rederi AS som skal stå for drifta av båtane, og oppdrettsselskapet Marine Harvest skal bruke dei.

Storkontraktar

Frå før har Fiskerstrand verft levert to av verdas største fôringsskip for Marine Harvest, og dei nye kontraktane med Frøy Rederi AS har ifølgje nett.no ein verdi på knappe 600 millionar kroner.

Båtane Fiskerstrand verft skal levere er designa av Møre Maritime AS i Kristiansund, og skroga blir bygde i Tyrkia. Produksjonsstart er i løpet av juli, og levering av båtane er berekna til 2016 og 2017.

Kleven verft i Ulsteinvik har også fått storkontraktar, og dei skal byggje to nye trålarar ved Myklebust verft.

Dette gjer Kleven verft for Tyskland sitt eldste fiskeriselskap Deutsche Fischfang-Union som er dotterselskap av det islandske sjømatselskapet Samherji, og ifølgje nett.no er dette oppdrag for over 600 millionar kroner.

Gunstig tidspunkt

Rolf Fiskerstrand

Rolf Fiskerstrand er administrerande direktør ved Fiskerstrand verft.

Foto: Trond Vestre / NRK

For Fiskerstrand verft kom kontraktane på eit svært gunstig tidspunkt.

– Første halvår no har me hatt problem. Me har hatt permitteringar, men no har me fått inn veldig mykje allereie til neste halvår, ikkje minst på reparasjon, seier administrerande direktør i Fiskerstrand verft, Rolf Fiskerstrand.

– Framleis er verftsnæringa og den maritime næringa vanskeleg, legg han til.

No gir utviklinga i havbruksnæringa grunn til optimisme, og den innovasjonen vil Fiskerstrand verft vera med på.

– Me er nøydde til å ha trua på at vi skal få det til, viss ikkje så går det gale, seier Kjerstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL