Det var tysdag at rammeavtalen mellom Rofi og Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) vart underteikna. Rofi har produsert telt og forlegningsutstyr sidan 1985.
– Kontrakten betyr svært mykje. Det gir oss tryggleik i forhåpentlegvis 8–9 år, seier Christian Hoel Inderhaug. Han er sals- og marknadssjef i Rofi.
Telt til internasjonale operasjonar
Kontrakten vart underteikna tysdag og sikrar arbeidsplassane i Molde.
Foto: RofiAvtalen er på fire år, med moglegheit for forlenging i fire nye år. Kontrakten inneber at Rofi skal levere telt og forlegningsutstyr til det nasjonale Sivilforsvaret og til deira internasjonale operasjonar.
Rofi har 18 tilsette i Molde som driv med produktutvikling, prosjektleiing og sal. All produksjon føregår i utlandet. men Inderhaug seier kontrakten betyr mykje for å sikre arbeidsplassane i Molde.
– Marknaden innan telt og forlegning er tøff. Vi merkar stort trykk frå Asia og andre lågkostland. For oss er det viktig å kunne vinne ei kontrakt med ein slik anerkjent kunde internasjonalt, seier Inderhaug.
Verdt millionar årleg
Rofi veit ikkje kor stor kontrakten er i kroner og ører, men trur det kan bli fleire millionar kroner årleg. Grunnen til at den er vanskeleg å talfeste, er at Sivilforsvaret får sine løyvingar gjennom statsbudsjettet.
– Dei har alltid eit behov årleg som dei legg fram, men det er ikkje alltid det blir løyvd pengar til det, seier Inderhaug.