Båten var på veg heim etter å ha lossa i Skagen i Danmark, då dei høyrte om godt fiske vest for Haugesund.
Det er ikkje kvote på hestemakrell og det kan gå lenge mellom kvar gong fiskarane kjem over slike stimar.
Tilsaman fekk Eros 800 tonn som i dag blir lossa i Florø, seier reiar Johannes Bjarne Eggesbø.
Dei to kasta ga 3,5 millionar kroner i ekstra inntekt som ikkje var planlagt.
Eggesbø vedgår at når dei er ferdige å losse, så er det fristande å legge om planane, og heller prøve fleire kast etter hestemakrell.