Hopp til innhold

Tysk kvinne omkom i basehopp ved Molde

Ei tysk kvinne i 50-åra døydde i ei basehoppulykke ved fjellet Katthammaren i Eikesdal i Molde kommune søndag kveld.

Leiting etter basehoppar i Katthammaren i Molde

Eit ambulansehelikopter flyg inn mannskap frå Alpin redningsgruppe. Dei skal hjelpe politiet å finne den tyske basehopparen.

Foto: tipser

Politiet fekk melding om ulykka ved 21-tida. Like før klokka 22.30 stadfesta politiet at dei hadde funne ein omkomen person i fjellveggen.

Det var ein kamerat til kvinna som melde frå til politiet om ulykka då han så at fallskjermen ikkje opna seg skikkeleg, men trefte fjellveggen. Ulykka skjedde så seint at leitemannskapa kjempa i kapp med mørkeret.

Leitemannskap i arbeid ved Katthammaren i Molde.

Leitemannskap er i gang med å prøve å finne ut kva som skjedde med basehopparen som sette ut for fjellet Katthammaren søndag kveld.

Foto: tipser

Blir henta ut måndag

Det var redningsmannen i redningshelikopteret som kom fram til kvinna i fjellveggen og fekk stadfesta at ho var død.

Politiet opplyser at det ikkje er mogeleg å hente ned den omkomne kvinna søndag kveld. Dette vil tidlegast skje måndag morgon.

Helikopter som deltok under leitinga.

Store styrkar har vore involvert i leitinga etter basehopparen som hoppa utfor fjellet Katthammaren.

Foto: Tipsar / NRK

– Det er vanskelege forhold i området, og vi er avhengige av hjelp frå redningshelikopter, og det må skje i dagslys. Vi vil ikkje risikere skade på mannskapet. Dette blir gjort når det er trygt, seier operasjonsleiar Sindre Molnes til NRK.

Sindre Molnes

Operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Forsvann i fjellveggen

Kameraten til den tyske basehopparen såg ulykka. Han skal ha sett at fallskjermen folda seg ut, men at han forsvann inn i fjellveggen ved Eikesdalen i Molde. Det seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck ved Møre og Romsdal politidistrikt

Dei to skal ha hoppa frå populære Katthammaren, men sistemann kom altså ikkje ned.

Tor-Andre Gram Franck

Operasjonsleiar Tor-Andre Gram Franck ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Stor leiteinnsats

Leitinga gjekk føre seg med politi og frivillige, samt redningshelikopter og luftambulanse frå Ålesund. I tillegg vart Alpin redningsgruppa kalla ut. Politiet har leia innsatsen saman med brannvesenet, og vegen gjennom Eikesdalen har vore stengt.

Like etter klokka 22.30 melde politiet at personen var funnen omkomen.

Ved 1-tida i natt bekrefta politiet at dei pårørande til kvinna var varsla om ulykka og dødsfallet.

Store styrkar leitar etter basehoppar.

Store styrkar har vore involvert i leitinga etter basehopparen som hoppa utfor fjellet Katthammaren.

Foto: Tipsar / NRK

Det har tidlegare vore fleire dødsulykker i samband med basehopping frå Katthammaren.

Basehopp frå Katthammaren

Bilde frå eit tidlegare hopp frå Katthammaren. Her set mange basehopparar utfor.

Foto: Ewan Cowie

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL