NRK Meny
Normal

Store steinar over E39 ved Rjåneset

Europavegen er stengd etter steinsprang torsdags morgon. Politiet seier det ligg store steinar i vegbana, og at vegen ikkje blir opna før tidlegast i ettermiddag.

Ras ved Vartdalstranda

STEINRAS: Politiet fekk melding om raset like før 06:45, og fortalde at store steinar sperra vegen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Steinspranget har gått like ved Rjåneset på Vartdalsstranda i Ørsta kommune. Ein bil skal ha blitt treft av stein, men det er ikkje meld om personskadar, opplyser politiet.

Politiet fekk melding klokka 06:45.

Laster Twitter-innhold

– Vi jobbar med å få oversikt over området. Vi har folk på plassen og vegvesenet er varsla, sa operasjonsleiar Kenneth Sætre like etter klokka sju.

– Det er meldt om litt steinmassar som ligg utover vegen, men det er forholdsvis store steinar som gjer at vegen er sperra, la han til.

I tillegg til å rydde vegbana må ein no forsikre seg om at det ikkje kjem fleire ras. Det er derfor venta at arbeidet vil ta tid.

Ifølge prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i vegvesenet blir ikkje vegen opna før tidlegast i ettermiddag.

Laster Twitter-innhold

Brannvesenet, ved hovudstasjonen i Ørsta, samt stasjonen på Vartdal er og på staden for å hjelpe. Sivilforsvaret er også på veg for å hjelpe med materiell og personell.

Politiet tilrår omkøyring via Eiksundsambandet og ferjestrekninga Hareid–Sulesund. Vegvesenet arbeider opp mot ferjeselskapet for å få auke kapasiteten i sambandet.

Rasstaden ved Vartdalsstranda

Ein bil blei treft av raset.

Foto: Arne Flatin / NRK