Hopp til innhold

Store skader etter brann

Fleire bustadar er skadd etter brannen i Elnesvågen i Fræna. Det var totalt seks einingar i bukomplekset. Tre av desse skal vere øydelagd som følgje av brannen, medan dei tre andre har fått røyk- og vasskadar. Det er difor ordna midlertidig bustad til dei, fortel operasjonsleiar i politiet Arild Reite. Kommunen er også blitt involvert. Brannårsaka er så langt ukjent og saka vil bli etterforska av politiet. – Vi skal gjennomføre vitneavhøyr for å prøve å finne ut kva som har skjedd, seier Reite.