Hopp til innhold

– Dei to husa som er trefte har store skadar

Husa som vart trefte av ras i Årsetdalen i Ørsta har fått store skadar, seier politifolk som var med på evakueringa.

Rasskadar i Årsetdalen

To bustadhus fekk skadar då fleire ras gjekk i Årsetdalen i Ørsta natt til laurdag.

Foto: Politiet

– Det er to hus som er skadde. Tre bilar. Det er betydelege skadar på veg, og mykje jordmasse og tre ligg i området, seier politibetjent Erik Lind. Saman med kollega Ole Kragset var han med på evakueringa i Vartdal natt til laurdag.

Tre ras natt til laurdag

Like før klokka 6 laurdag morgon oppsummerer politiet skadane i Årsetdalen slik:

  • 40 personar vart evakuert
  • 2 bustadhus har fått skadar
  • 3 bilar er skadde

– Dei to husa som er trefte av raset er nok veldig skadde, seier Lind, som har vore med på evakueringa i Ørsta.

Truleg er det tre ras som har gått i området natt til laurdag. Det eine av dei var 2,5 meter høgt der det kryssa vegen gjennom Årsetdalen. Dei to andre var truleg mindre, opplyser politiet.

Det endelege inntrykket av skadane vil ein fyrst få når dagslyset kjem laurdag.

Politiet var natt til laurdag i Årsetdalen for å evakuere rasutsette.

Politiet evakuerte 40 personar etter rasa i Vartdal natt til laurdag.

Mykje nedbør

Rasfaren har vore stor på Vestlandet etter stormen som herja fredag, og dei store nedbørsmengdene som har kome i løpet av natta. Allereie fredag kveld åtvara Vegtrafikksentralen i Lærdal bilførarar mot å køyre på vegane i Sogn og Fjordane.

Rasa i Årsetdalen sperrar vegen på fleire stader. No ventar ein på dagslyset for å kome vidare i arbeidet.

– Vegen inn her er stengt. Me håper det blir ei geologisk undersøking laurdag gjennom kommunen. Politiet er ferdig med sitt arbeid, seier politibetjent Lind.