– Eit dansk vogntog er akkurat blitt berga, og bergingsbil er på veg for å berge eit nytt vogntog som står fast ein kilometer frå Fjellstua, i retning Sjøholt, seier Runar Larsen i Statens vegvesen som dirigerer trafikken på Ørskogfjellet.
I tillegg er det fleire vogntog som står og legg på kjetting.
Politiet opplyste tidlegare i dag at det var ei tynn ishinne på vegen mellom Landedalen og over til Skorgedalen på Vestnessida. Sjølv om det var store ishinner over store område på Ørskogfjellet i dag tok det fleire timar før vegen blei strødd.
Fleire vogntog stod fast i køyrebana tidlegare i dag.
Foto: Runar Larsen- Les også:
- Les også:
Blir meldt til politiet
–Det var eit dansk vogntog som forårsaka første stopp på Ørskogfjellet i dag. Dette vogntoget blir no berga, seier Larsen i Statens vegvesen.
Dette vogntoget låg fremst i køen på Ørskogfjellet i dag og lagde problem for mange andre vogntog. Einar Rostad ved Sunnmøre politidistrikt fortel at det danske vogntoget no blir meldt for å ikkje hatt nødvendig utrusting.
–Vi driv no og oppretter sak, fortel operasjonsleiar Einar Rostad ved Sunnmøre politidistrikt.
Mange vogntog hadde problemer over Ørskogfjellet i dag. Også denne føraren blei pålagd å ha på kjetting.
Foto: Brede Røsjø / NRKMobile kontroller
Like før klokka to i dag bestemde Statens vegvesen og politiet seg for å stengje strekninga for vogntog som ikkje er godt nok skodd. Vegvesenet vil fortsette å pålegge vogntog å ha kjetting over Ørskogfjellet utover kvelden.
–Dei som har kjetting og god vinterutrusting får køyre. Dei som ikkje har det må vente i Ørskog sentrum og på snuplassen i Skorgedalen, fortel operasjonsleiar Overøye.
- Les også:
Dårlige køyreforhold
Berre ei køyrebane har vore open på Ørskogfjellet store deler av dagen i dag, og trafikken blir no dirigert.
Det er no manuell dirigering over Ørskogfjellet.
Foto: Brede Røsjø / NRKOver Ørskogfjellet opplyste politiet tidlegare i dag at det var ei tynn ishinne på vegen mellom Landedalen og over til Skorgedalen på Vestnessida. Sjølv om det var store ishinner i området tok det fleire timar før vegen blei strødd.
Politiet meiner det no er dårlege køyreforhold over alt i fylket, og oppfordrar dei som skal ut på vegane til å køyre forsiktig og vise omsyn til andre bilistar.
–Den fyrste snøen brukar å bli veldig glatt for enkelte. Det er mogleg det er overraskande at snøen kjem, seier Overøye.