Hopp til innhold

Støre på gyngande grunn

Simulatoren ved den Høgskulen i Ålesund tok utanriksministeren med ut på gyngande grunn.

Video

Utanriksminister Jonas Gahr Støre fekk ei ny erfaring då han sette seg i simulator og blei skipper på eit offshorefarty under eit besøk i Ålesund onsdag.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre som skipper i offshoresimulator.

- Det er veldig spennande å sjå i praksis korleis det kan vere under tøffe forhold på havet, og flott å kunne trene under sikre tilhøve.

Han peikar på kor viktig det er med kunnskap innafor offshore når Noreg skal samarbeide med Russland i nordområda.

Både utanriksministeren og fagstatsråden for forsking og høgare utdanning, Tora Aaslang besøkte Høgskulen i Ålesund for å få meir kunnskap om den maritime næringa. Dei blei presentert for ei næring som er leiande internasjonalt og har 20 000 sysselsette.

Arild Hervik

Arild Hervik

Foto: Remi Sagen / NRK

Professor Arild Hervik fortalde gjestane kor viktig der er å prioritiere denne næringane når det skal satsast framover.

- Det er dette som vil være den berekraftige næringa i framtida når vi skal slite med å finne det vi skal leve av.

Geirmund Oltedal og Tora Aasland

Geirmund Oltedal og Tora Aasland

Foto: Remi Sagen / NRK

Rektor ved høgskulen, Geirmund Oltedal ber om å få fleire studieplassar på mastergradnivå og meir pengar til forskning.

- Utfordinga er å henge med i det kometanseracet som no ligg innafor den maritime næringa der det no er mastergrad som meir og meir er kravet.

Den maritime klyngen av skipsindustri konkurrerer internasjonalt og treng etterkvart større kompetanse.

- Vi legge til rette for at folk skal få utdanning enten på fagskular eller på høgskular, seier forsknings- og utdanningsminister Tora Aasland. Dette må skje på fagskular, høgskular eller på universitet seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL