Hopp til innhold

Bombene i Kristiansund var store nok til å drepe folk

Bombene som vart funne i Kristiansund kan vere dødelege, meiner bombeekspert.

Hjemmelaget bombe

To heimelaga bomber vart funne i ein kommunal bustad i Kristiansund. Åtte personar er sikta i saka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ingar Øverby

Ingar Øverby er bombeekspert og seier at dei heimelaga bombene som vart funne i Kristiansund kan vere dødelege.

Foto: privat

Ingar Øverby er major ved Forsvarets ammunisjon og eksplosivryddeskole. Han har sett bilete av dei to heimelaga bombene som vart funne i ein kommunal bustad i Kristiansund. Ut frå hans vurderingar vil det vere 200–300 gram med dynamitt i ei bombe på denne storleiken.

– Sjølv om dette er små bomber vil dei heilt klart vere skadelege og dødelege i gitte situasjonar, seier Øverby.

Med det meiner han at dersom ladninga går av i nærleiken av folk vil den kunne gjere stor skade. Likeins dersom den går av i nærleiken av trevirke, stein eller stål som kan kaste ut splintar.

  • Les alt som saka HER

Enkelt laga

Sprengstoff kristiansund

300 personar i nabolaget vart evakuert onsdag då ein fann ei stor mengde dynamitt i eit hus.

Foto: Roar Halten / NRK

Tysdag kveld vart naboar av den kommunale bustaden skremt av ein eksplosjon. Det vart likevel ikkje slått full alarm i Kristiansund før onsdag då rundt 75 kilo sprengstoff var borte frå ei kalksteingruve i Surnadal. Delar av dynamitten vart funne i den kommunale bustaden. Der vart også to heimelaga bomber oppdaga. Slik Øverby vurderer bombene er dei enkelt laga.

– Bomba er ikkje ulik andre variantar eg har sett, seier Øverby.

Han viser til at liknande bomber vert brukt i terroraksjonar i utlandet. Sjølv om bombene ser amatørmessig laga ut for folk flest, treng dei slett ikkje bli vurdert slik av bombeekspertar.

Overtramp

Politiet har sikta åtte personar i saka. To vart fengsla i dag og i morgon vert to til framstilt for varetektsfengsling. Framleis er store delar av dynamitten på avvegar. Øverby meiner det er urovekkjande.

– Det er eit stort overtramp både å stele dynamitt og lage slike gjenstandar. Uansett om det er tenkt brukt berre til rampestrekar eller til meir alvorlege handlingar, seier Øverby.

Redde naboar

Kolbjørn Strømmen bur i nabolaget og han er sjokkert over funnet av dei heimelaga bombene. Tysdag vart han skremt han høyrde ein eksplosjon i området. Ikkje i sin villaste fantasi trudde han at politiet ville finne bomber i nabohuset.

– Det er heilt uvirkeleg, seier Strømmen.

Han tenkjer på barnebarna og alle dei hundrevis av andre barna som passerer den kommunale bustaden kvar dag på veg til skulen. Han har blitt forsikra om at bustaden no vert stengt. Han og naboane har heile tida vore kritisk til at kommunen ville plassere rusmisbrukarar og andre vanskelegstilte midt i nabolaget.

– Ordføraren ringte meg og sa at huset ikkje skal bli brukt på den måten meir og det er bra, seier Strømmen.

Politiet i Kristiansund vil i morgon vurdere å varetektsfengsle tre menn som er pågripne etter dynamtikksprenginga i går kveld. Tidlegare i dag blei 300 menneske evakuerte fordi politiet frykta at meir dynamitten skulle gå av.

Onsdag var Kolbjørn Strømmen redd etter eksplosjon i nabolaget. Han visste ikkje då at det fanst heimelaga bomber i den kommunale bustaden.