Hopp til innhold

Store namn klare for Moldejazz

Moldejazz presenterte i dag ei rekke nye artistar som er klare for sommarens Moldejazz. Mellom andre kjem både Ane Brun og Ola Kvernberg tilbake til heimlege trakter.

Ane Brun på Norwegian Wood

Ane Brun skal vere med i ein trippelkonsert på Romsdalsmuseet.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Nyleg blei det klart at også i år blir Romsdalsmuseet ein viktig arena for Moldejazz. 21. juli blir det ein trippelkonsert med tre artistar som skal utfylle kvarandre musikalsk.

Epreranza Spalding, Joss Stone og Ane Brun skal stå for denne konserten.

Vedtaket om å bruke Romsdalsmuseet i år også, kjem trass i at ikkje alle konsertar her har gått i pluss tidlegare.

Dobbelt spelemann

Ane Brun tør vere kjent for publikummet til Moldejazz, Ho har på sin veg som artist, songar og musikar fått stor erfaring, mellom anna i samarbeid med Madrugada og Peter Gabriel. To gongar har ho fått Spellemannsprisen for årets kvinnelege artist. Den siste plata hennar, som kom i fjor, fekk svært god omtale. Iflølge arrangøren blir heimkomsten til Ane Brun ei mektig musikkoppleving.

Heim igjen

Ola Kvernberg

Årets Artist in Residence er Ola Kvernberg.

Foto: Moldejazz

Ein annan som vender heim er Ola Kvernberg. Då han fekk oppdraget som Artist in Residence var det klart at han i løpet av veka skulle bli utfordra både gjennom vidareføring av tidlegare prosjekt og skape nye konstellasjonar. Blant det siste er eit duomøte med saksofonisten Joshua Redman, som sjølv var Artist in Residence for ti år sidan.

Grammy-prisar

Esparanza Spalding tok imot den første av hittil fem Grammy-prisar i 2011. Dei siste åra har ho trekt seg noko tilbake, men no er ho altså tilbake på scena igjen. Moldejazz er stolte over å ha vore den første festivalen som presenterte Spalding for Europa for nesten ti år sidan.

Både Kurt Elling og Branford Marsalis har med stor suksess vore på Moldejazz tidlegare. denne gongen har dei slått seg saman i ein ny konstellasjon. Konserten i Bjørnsonhuset 20. juli blir einaste opptreden i Noreg i år.

Kjem tilbake

Ein annan artist som har gjesta Molde tidlegare er Marilyn Mazur. Ho gjorde eit innhopp i Miles Davis-konserten for 23 år sidan, og var Artist in Residence for åtte år sidan.

Ei gruppe som skal ha vore blant dei mest populære jazzgrupper sidan starten i 1977 er Steps Ahead. Av dagens medlemmar av gruppa har bassgiganten Marc Johnson vore på Moldejazz fleire gongar.

På heimebane

Chick Corea

Eit av dei store trekkplastera på årets Moldejazz blir Chick Corea

Foto: Langmyren, Kjell / SCANPIX

Moldes eigen Kristoffer Eikrem får sin draum oppfylt når han skal spele konsert saman med amerikanske Jimmy Halperin. Eikrem vann i fjor Shells Jazzstipend.

Andre artistar som blei presenterte til årets Moldejazz er Nate Wooley Quintet, samt Kaja Draksjel og Susane Santos Silva. Frå før er mellom andre artistar som Chick Corea, Jaga Jazzist, Solveig Slettahjell og Knut Reiersrud presenterte.

Årets Moldejazz blir arrangert 18.–23. juli.