Hopp til innhold

Store mørketal i viltpåkøyrslar

Siste døgnet har det rast inn med meldingar om viltpåkøyrslar frå heile fylket. Viltforvaltarane veit ikkje kor dei skal setje inn tiltaka.

Hjortepåkjørsel

Mange viltdyr vert påkøyrde utan at hendinga vert rapportert vidare.

Foto: Bjørnar Erlandsen

Erling Meisingset

Erling Meisingset i Bioforsk trur lågare fartsgrenser om seinhausten og våren kan hjelpe hindre viltpåkøyrslar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Hjort og rådyr blir påkøyrd og drepne eller får store lidingar fordi dei blir skada og dei blir ikkje funne etterpå. Erling Meisingset ved Bioforsk på Tingvoll seier mørketala er store.

– Eg trur det er fordi vi ikkje klarar å setje inn tiltak på dei rette plassane. Vi mistar informasjon, seier han.

Manglar presis informasjon

Fagkoordinator Kjell Haukeberg i Statens vegvesen erkjenner også at samordninga er mangelfull og at det derfor er mørketal om viltpåkøyrslar.

– Det kan vi nok ikkje nekte for, for det er nok tilfelle. Men vi prøver å bli betre på den biten, seier Haukeberg.

– Kva kan gjerast?

– At vi får betre og meir presise meldingar inn til vegtrafikksentralen. Dei varslar oss slik at vi kan varsle vidare til dei som gjer ettersøk og avliving av skada vilt.

Betre rutinar

Kari Bjørneraas i Miljødirektoratet er einig i at samordninga må bli betre.

– Å få utarbeida gode rutinar for alle som er involverte, både på miljøsida og vegsida, vil kunne gjere oss meir rusta til å innføre gode tiltak, seier ho.

Ifølgje Bjørneraas har Vegvesenet og Jernbarneverket no fått i oppgåve å etablere eit tverrsektorielt råd mot dyrepåkøyrslar

– Så mitt håper at vi iallfall igjennom den plattforma kan ha ein dialog mellom dei relevante partane og samkøyre oss med registrering av påkøyrslar slik vi får fram det som skjer, seier ho.

– Blinkande lys og mindre fart

Randi Stokke er leiar i viltnemnda i Gjemnes. Kommunen har hatt mange viltpåkøyrslar den siste tida. Ho meiner at ferdsel av dyr i vegbana må i større grad bli del av trafikkopplæringa til nye unge sjåførar.

– Kanskje vi burde hatt blinkande lys og kanskje nedsett fartsgrense i periodar på døgnet og periodar på året når det er mykje trafikk av vilt, seier ho vidare.

Ekstra tiltak i høgsesongen

Forslaga til Stokke får støtte av hjorteforskaren Erling Meisingset.

– Det vår forsking viser har dokumentert er at nedsetting av fartsgrensene, rydding langs vegkanten har god effekt. Eg trur at vi må inn å gjere litt sesongmessig som når mørket senkar seg på hausten og kanskje også på våren når hjorten bevegar seg mest, seier han.

Ved å avgrense tiltaka til høgrisiko-periodar, trur han at det også vil bli lettare å nå fram til bilistane med informasjonen.

Kva med blinkande lys i vegkanten der det er mykje ferdsel av hjort, elg og rådyr?

– Ja, eg trur det er eitt av dei tiltaka som kan fungere, kontra ein fast installasjon som står der meir for tyske turistar enn dei vanlege norske trafikantane, seier han.