Tilsynet er enno ikkje ferdig over heile landet. Men der tilsynet alt er gjennomført er det funne feil i tilbodet i 88 prosent av tilfella. Fleire av feila trugar, ifølgje pasient- og brukarombodet, tryggleiken til brukarane av dei kommunale tenestene.
Runar A. Finvåg er pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Det er ein risikosport om ein assistent ikkje veit kva sjukdomar ein brukar har, og om han ikkje veit kva han skal gjere om brukaren blir sjuk, seier Runar A. Finvåg, pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal.
– Ikkje forsvarleg
Ein av dei norske kommunane som får kritikk i rapporten er Sunndal i Møre og Romsdal. Dette er dei to hovudkonklusjonane i rapporten.
- Sunndal kommune sikrar ikkje forsvarleg gjennomføring av personleg assistanse til personar med utviklingshemming.
- Sunndal kommune yter ikkje forsvarlege helsetenester i heimen til personar med utviklingshemming.
Anne Berit Villum er pleie- og omsorgssjef i Sunndal.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Vi ser at det er mange område vi må forbetre oss på. Mykje går på system og leiing, seier Anne Berit Vullum, pleie- og omsorgssjef i Sunndal kommune.
Manglar kunnskap om medisin
Den førebelse rapporten listar opp ei rekkje feil og manglar i kommunen.
- Tilsette manglar generell fagkunnskap.
- Tilsette kjennerikkje sjukdomsbiletet til brukarane.
- Tilsette manglar politiattest.
- Tilsette har ikkje naudsynt kunnskap om medisinen dei deler ut.
- Leiinga utfører ikkje naudsynte kontrollar.
– Fare for svikt
Dette er ein førebels rapport. Fylkeslegen ønskjer dermed ikkje å uttale seg om funna. Men på generelt grunnlag stadfester Fylkeslegen at Sunndal ikkje er noko enkelttilfelle.
Linda Rosvoldaune Moe er rådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Vi ser at dette er eit område med stor fare for svikt, seier rådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
– Krevjande
Sunndal kommune er i ferd med å rette på fleire av punkta i rapporten. Men punktet om manglande kompetanse er ei utfordring.
– Vi har mange deltidsstillingar og ein del sjukefråvær som gjer at det er krevjande å gje den enkelte oppfølging og å gje kvar einskild tilsett opplæring og den innsikta dei treng til ei kvar tid, seier pleie- og omsorgssjef Anne Berit Villum til NRK.