Hopp til innhold

Støre vil ikkje blande seg inn i fordelinga av sjukehusfunksjonane

Helseministeren vil ikkje blande seg i funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Møre og Romsdal. I dag besøker helseministeren og handels- og næringsministeren Molde og Kristiansund.

Støre

Å vente med funksjonsfordelinga meiner Jonas Gahr Støre er eit dårleg alternativ.

Foto: Roar Strøm

Helseminister Jonas Gahr Støre kjem ikkje til å blande seg inn i korleis Helse Møre og Romsdal fordelar dei ulike funksjonane mellom sjukehusa i fylket. Det sa statsråden då han i føremiddag besøkte sjukehuset i Kristiansund.

– Det var eit interessant møte. Dei tilsette fortalde om sine faglege ambisjonar for eit sjukehus, fortalde Støre etter møtet.

Der fekk han innspel på korleis prosessen fram mot eit nytt sjukehus går. Mellom anna diskuterte dei den pågåande funksjonsfordelinga som er i gong i Møre og Romsdal.

Jonas Gahr Støre

Helseminister Støre reiser rundt saman med nærings- og handelsminister Trond Giske, for å fortelje kvifor ikkje Arbeidarpartiet går inn for store skattekutt.

Foto: Roar Halten / NRK

Stanse arbeidet

Både ordføraren i Kristiansund Per Christian Øyen og leiar i Møre og Romsdal Arbeideparti Per Vidar Kjølmoen har bede ministeren stanse arbeidet med funksjonsfordelinga fram til det er avklart kvar det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge.

Å vente med fordelinga meiner helseministeren er eit dårleg alternativ.

Støre i Kristiansund

Støre fekk innspel på korleis prosessen fram mot eit nytt sjukehus går.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg trur alle skjøner at det er ein dårleg idé. Tenk deg den dagen det nye sjukehuset står klart, seier Støre, og viser til at fagmiljøa bør vere einige om kva som skal skje kvar allereie når sjukehuset er klart.

Dermed blir det opp til styret i Helseføretaket å bestemme kva fagavdelingar de ulike sjukehusa i fylket skal ha i framtida.

Vil ikkje blande seg

Jonas Gahr Støre og Trond Giske

Statsrådane Jonas Gahr Støre og Trond Giske er onsdag på tur i Nordmøre og Romsdal.

Foto: Roar Halten / NRK

Helseministeren reiser i desse dagar rundt saman med nærings- og handelsminister Trond Giske, for å fortelje kvifor ikkje Arbeidarpartiet går inn for store skattekutt, slik dei meiner dei politiske motstandarane gjer.

– Me har ein del ting me vil investere her i landet, og satse på. Det er i fyrste rekke skule, helse og utdanning, sa Støre.

Mellom tinga dei vil investere i, er det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal. Eit sjukehus som helseministeren håper skal bli eit Noreg kan vise fram for verda. Likevel ynskjer han ikkje å leggje seg bort i kvar sjukehuset skal ligge.

– Denne prosessen får gå sin gang utan innblanding frå sentralt hald, seier Gahr Støre til NRK.

Økt satsing

Helseminister Jonas Gahr Støre skal besøke sjukehus, medan nærings- og handelsminister Trond Giske skal innom høgskular og ungdomsskular. Seinare onsdag skal dei to innom Molde.

Medan Støre meiner det er viktig å få på plass nytt sjukehus, var Giske oppteken av å poengtere at det er viktig at skuletilbodet i fylket blir riktig dimensjonert, slik at både det private næringslivet og offentleg sektor får den kompetansen dei treng i åra som kjem.

– Når eg reiser slik er det for å lytte. Ingen blir dummare av det. I alle fall ikkje eg. For meg er det veldig nyttig å høyre deira erfaringar, seier helseministeren til NRK.

Helseminister Jonas Gahr Støre skal besøke sjukehus, medan nærings- og handelsminister Trond Giske skal innom høgskuler og ungdomsskuler.

Helseministeren på besøk i Møre og Romsdal.