Hopp til innhold

Store grupper gir nye mulegheiter

150 elevar frå Sunnmøre Folkehøgskule har denne veka leigd Hakallegarden i Vanylven og hatt Hakallefestival. No trur Aina Moldskred Krakset, som driv besøksgarden, at dette kan opne for nye brukargrupper.

Lavvo-leir på Hakallegarden

Slik ser lavvo-leiren ut på Hakallegarden denne veka.

Foto: Arne Flatin / NRK

Iskaldt om natta, men tildels strålande solskin på dagen. Det har vore kulissene for dei 150 ungdomane frå Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik, som heile denne veka har budd og hatt program på Hakallegarden. Dette er den felles avslutninga for alle linjene på skulen. Tidlegare reiste dei til Latvia på denne turen, men i år har dei for første gong søkt i nærområdet.

Elevar frå SUFH valde Sunnmøre framfor Latvia

Sjå TV-saka frå SUFH sin avslutningsleir på Hakallegarden.

Heilt nede ved sjøkanten har elevane slått opp ein leir med store telt (Lavvo). Ikkje langt unna ligg kajakkane på rekke og rad. Grindløa oppe på garden har vore brukt til samlingar på kveldstid, og ei gruppe reiste onsdag til Stad for å surfe.

Gode opplevingar

Elevane og lærarane har delt gode opplevingar denne veka, seier inspektør Øystein Vegge. Dei leita litt før dei fann den rette plassen for ei slik veke, og meiner Hakallegarden er perfekt.

Det er god musikk i øyrene til Aina Moldskred Krakset som driv garden saman med mannen Olav. Ho trur dette kanskje kan opne for nye brukargrupper (sjå video):

Aina Moldskred Krakset trur 150 elevar frå SUFH kan bane veg for fleire liknande besøk på garden i framtida

Aina Moldskred Krakset meiner den store gruppa frå SUFH kan opne for noko nytt. Store grupper med tilpassa behov har dei ikkje hatt på garden før.

Kajakk er populært blant elevane på SUFH. Denne morgonen er det bergenseren Thomas Evensen som saman med ein klassekamerat og inspektør Vegge gjer klar fartøya. Evensen har aldri prøvd kajakk før han kom til SUFH, men trivst veldig i det våte element, og med dagar som i dag har dette vore heilt fantastisk, seier han.

Morgonfriske elevar frå SUFH fortel om kalde netter i lavvoen.

– Det var ein del som tok turen opp til løa i natt for å varme seg, fortel elevar som har hatt fleire netter i lavvo denne veka. Det har vore minusgrader om nettene, men nydeleg på dagtid. Når NRK er på besøk har elevane vakna opp etter den kalde natta, tina opp og fått i seg frukosten. Ulike aktivitetar står på programmet, og det viktigaste er at alle linjene på skulen gjer noko saman. Her er det ikkje berre idrett og friluftsliv som er til stafes, men alle dei andre linjene på skulen, fortel inspektør Øystein Vegge.

Populært med padling på Hakallefestivalen

Populært med padling på Hakallefestivalen. Her er Thomas Evensen t.v. I midten Øystein Vegge, inspektør ved SUFH. Og til høgre Ola Andreas Sloth.

Foto: Arne Flatin / NRK