Hopp til innhold

Store forventningar til Solskjær

Ole Gunnar Solskjær blir møtt med knallharde forventningar før Molde sin seriedebut mot Sarpsborg.
Mange i byen snakkar om medaljar til dei blå-kvite. Solskjær sjølv ser på seg som ein nybegynnar.

Video Store forventningar til Solskjær

Ole Gunnar Solskjær blir hylla av alle i Molde.

Forventningane er skyhøge til ein trenar som aldri før har trena eit eliteserielag.

Ole Gunnar Solskjær

På banen i kjent stil

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

- Eg er nybegynnar. Det er første gong eg leiar eit lag som spelar i øverste divisjon i eit land, og det er ikkje til å stikke under ein stol.

Humøret er på plass, men dei trener for fullt dagen før dagen.

Dei som trur at Solskjær ikkje har førebudd seg før oppgjeret mot nedrykkstippa Sarpsborg, må tru om att. Han ramsar opp namnet på alle spelarane der.

Med engelske gloser tar Solskjær kommandoen. Spelarar frå heile verda har opplevd ein heilt ny treningskultur gjennom den 38 år gamle United-legenda.

Solskjær er spent før seriestart

Seriestart med stor optimisme

- Norske lag har mykje å ta tak i

Krav både på og utanfor banen

Keeper Espen Bugge Petteresen veit kva som gjeld.

Espen Bugge Pettersen

Espen Bugge Pettersen seier det er mange nye krav både på og utanfor banen

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

- Det går på treningsinnhald, krav utanfor banen, strukturen på stadion og i garderober - det er veldig mykje nytt.


Solskjær er klar for å bli noko anna enn berre eit bilde på MFK-veggen. Han kjenner presset.

- Dei forventar nok at det skal bli noko betre enn i fjor, og kansje dei håper at vi skal få medalje.