Hopp til innhold

Kan få halv million kroner mindre i oppreisning fordi ho bur i «feil fylke»

Barna var innlagt på same sjukehus og utsette for same overgrep. Likevel får pasientane frå Møre og Romsdal langt mindre i oppreisning enn dei frå Sogn og Fjordane.

Synnøve Holte

I 1964 vart sju år gamle Synnøve Holte sendt til Reknes sanatorium i Molde. Opphaldet har prega henne resten av livet.

Foto: Privat

Synnøve Holte

Synnøve Holte reagerer på at behandlinga av sanatoriebarna er så ulik.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Over heile landet vart barn og unge utsette for omsorgssvikt på sanatorium på 40–50 og 60-talet. På det meste var det 140 institusjonar i landet som behandla tuberkulose og på fleire stadar har barna fortalt at dei vart innelåst, lagt i reimar, tvangsfôra, og skremde. Det finst inga nasjonal oppreisningsordning for denne gruppa, men i Møre og Romsdal er det oppretta ei eiga ordning for tuberkulosepasientane. Også i Sogn og Fjordane har det blitt utbetalt oppreisning for denne gruppa.

Vonde opplevingar

Synnøve Holte frå Volda vart innlagt på barnesanatoriet på Reknes i Molde som sjuåring saman med systera si på fire år. Ho opplevde sanatoriet som eit skrekkens hus der dei vart lugga og stengt inne på mørkeloftet. I etterkant av dei vonde opplevingane har ho søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om oppreisning. Ho reagerer på at satsane i hennar heimfylke er mykje lågare enn for pasientar frå Sogn og Fjordane, som var innlagt på same sjukehus.

– Vi har fått ei unnskyldning, men samstundes føler eg at vi ikkje blir tekne like mykje på alvor som i Sogn og Fjordane, seier Holte. Maksimalbeløpet i Møre og Romsdal er på 400.000 kroner, medan det er på 725.000 kroner i nabofylket.

Men i Møre og Romsdal har ingen fått utbetalt maksimalbeløpet. Dei fire som har fått oppreising, har fått mellom 100.000 og 250.000 kroner.

Holte meiner at summen burde ha vore lik for pasientar som var innlagt på same sjukehus.

Ingen har fått maksbeløp

Leiar for oppreisningssekretariatet i Møre og Romsdal, Åge Brekk, forstår at Holte reagerer på forskjellen, men seier at det er politikarane som har bestemt summane.

– Det er Fylkestinget og 30 kommunestyre i Møre og Romsdal som har sett maksbeløpet. Dette er ei frivillig ordning, seier Brekk.

Ingen av dei fire personane som hittil har fått innvilga oppreisning i Møre og Romsdal har fått utbetalt maksbeløpet. Fristen for å søke om oppreisning er 1. april i år. I Sogn og Fjordane vart ordninga avslutta i 2013. Der fekk 19 personar innvilga høgste sum, men dette inkluderer også barn som vart plassert i barneheimar og på spesialskular.

Reknes sanatorium

Reknes sanatorium vart etablert i 1898. I 1918 vart det bygd eit eige sanatorium for barn der.

Foto: Hans Thomas Eikrem

Ynskjer rettferd

Synnøve Holte har brukt fem år på å kjempe for å få på plass oppreisningsordninga i Møre og Romsdal. No ynskjer ho ei meir rettferdig behandling i etterkant. Ho veit om at fleire sanatoriebarn i nabofylket fekk utbetalt høgste sum. Det betyr at dei har fått nær ein halv million kroner meir enn i hennar heimfylke.

– Det er ikkje ulovleg å gi makssum. Eg meiner at alle som søker bør få den høgste summen. Ein kan ikkje vurdere kven som hadde det verre enn andre 50 år etterpå, seier Holte.