Det er snøen som skaper problem for dei flygande til og frå Gardermoen fredag kveld. Også torsdag var det store forseinkingar, på grunn av vêret.
Les også:
Snøen skaper vanskar for flya over heile landet, og også i Møre og Romsdal er dei fleste kveldsflya forsinka.
- I Kristiansund er flyet klokka 22.40 no fått ny tid: klokka 23.45 skal det etter planen lande. Også flyet som skulle til Oslo klokka 18.55 blei kraftig forsinka, og gjekk først klokka 20.23.
- I Molde har dei tre siste flya for dagen fått nye innkomsttider. Flyet som skulle landa klokka 20.40 kjem i staden klokka 22.35, nesten to timar for seint. Flyet klokka 21.15, er først sett opp klokka 22.15, og det siste flyet, som skulle landa klokka 22.10 har fått ny innkomsttid klokka 23.45.
- I Ålesund har dei tre siste flya, klokka 22 og 22.40 flytta til klokka 23.20 og 23.40.
- Ved Ørsta-Volda lufthamn er flyet som skulle landa klokka 20.33 innstilt. Flyet som etter planen skal lande klokka 23.18 er det førebels ikkje gitt informasjon om.