Hopp til innhold

Store ekstrautgifter

Brannvesenet i Ålesund håper å ikkje bli økonomisk skadelidande av dei ekstra utgiftene i samband med Fjelltun-tragedien.

Geir Thorsen

Ålesund brannvesen har hatt ekstra-utgifter

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ekstrautgiftene er på opp mot 1,5 millionar kroner.

Brannsjef Geir Thorsen trur ikkje dei får alle desse pengane tilbake.

Overtid

Det har vore fem hektiske veker, og dette har kosta mykje pengar.

- Vi har nok hatt ekstra-utgifter på opp mot 1,5 millionar kroner, seier brannsjef Geir Thorsen til NRK Møre og Romsdal.

- Hovudsakleg er det overtidsutgifter. Men vi har også vore nøydd til å betale for ekspertise og ekstrautstyr.

Mannskaper fra Ålesund brannvesen og Oslo brann- og redningsetat inne i det ødelagte bolighuset.

Overtid, ekstra ekspertise og ekstrautstyr i Fjelltunvegen har gitt Ålesund brannvesen store utgifter.

Foto: Jølstad,Anders / SCANPIX

- Fryktar de no at de må spare, fordi de har brukt for mykje pengar?

- Vi har ikkje tenkt på dette før no. Vi har vore opptatt av å gjere ein god jobb. No håper vi å få att ein del av utgiftene, men vi får nok ikkje alt, seier brannsjef Geir Thorsen.

- Ikkje stå på pengar

Justisminister Knut Storberget sa at det ikkje skulle stå på pengar då han besøkte ulykkesstaden.

Brannsjefen trur likevel at dei sjølve må dekke utgiftene frå akuttfasen. Søket etter omkomne blir truleg dekt av Staten, medan forsikringsselskapa dekker restverdiredninga.