Hopp til innhold

Stordal står overfor eit vegskilje

I dag har kommunetoppane frå ti sunnmørskommunar forhandla om framtida. Medan drøftingane går føre seg i Ålesund, går diskusjonen høgt i Stordal om korleis dei skal ha det i framtida.

Stordal

Stordal må snart bestemme seg for kva veg dei skal gå i arbeidet med kommunereforma.

Foto: Remi Sagen / NRK

I Stordal er dei lykkelege som små. Det er berre eitt tusen som bur her, men engasjementet er stort rundt kommunereforma. Spørsmålet no er om dei skal slå seg saman med Ålesund og ei lang rekke med andre sunnmørskommunar, og mange er skeptiske.

– Nei, eg synest vi kan stå aleine, seier ein.

– Nei, då er eg redd vi druknar i dei andre kommunane, seier ein annan.

Blanda meiningar

På sjukeheimen skal middagen gjerast klar også i dag. Kokken ser ikkje lyst på framtida i ein storkommune med Ålesund.

Asbjørg Ringmo

Asbjørg Ringmo meiner Stordal er for lite til å stå aleine.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er noko eg har tenkt mykje på. Vi har eitt kjøkken her som kanskje blir nedlagt i ei slik samanslåing. At det eventuelt blir ein stor fabrikk på Blindheim eller ein annan plass i staden har eg ikkje trau på, seier Audun Solem, kokk på Stordalstunet.

Men det er ikkje alle i Stordal som kjempar med nebb og klør mot ein storkommune.

– Det må jo gå. Vi kan ikkje vere så liten som vi er no, vi greier ikkje oss aleine, seier pensjonist Asbjørg Ringmo.

Skjebnetid for Stordal

I dugnadsbygningen Stordalshallen er det gymtime. Ei fersk undersøking blant ungdommane, kjem det fram at 84 prosent vil at Stordal skal overleve som eigen minikommune.

Lone Lorgen Øvrebust

Lone Lorgen Øvrebust trur kommunen greier seg fint aleine.

Foto: Remi Sagen / NRK
Hallgeir Hove, kulturkonsulent i Stordal kommune.

Hallgeir Hove meiner det er viktig å ha med seg meiningane til ungdomane i Stordal.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er fordi vi mellom anna barnas kommune, og dei vil at vi skal få det så bra som mogleg. Vi har ein kjempebra skule og alt, seier Lone Lorgen Øvrebust, elev i 7. klasse ved Stordal skule.

Men snart må stordalingane bestemme seg for kva dei vil gå for.

– Eg synest at ti kommunar er alt for mykje. Då druknar vi og vert berre eit lite pip oppi det heile som ikkje vert høyrd, seier Alfhild Midtbust.

I løpet av dagar og veker skal det bestemmast om Stordal skal vri seg mot Ålesund.
Kommunen er inne i ei skjebnetid.

– Vi veit at det er veldig mykje som er bra i Stordal. Ungdomen som veks opp no er stolt av å vere stordalingar, og det er noko som vi må ha med oss vidare framover, seier Hallgeir Hove, kulturkonsulent i Stordal kommune.