Hopp til innhold

Symaskinene i gang igjen etter konkursen

Det var glede i Stordal i dag over ny produksjonen i lokala til Stordal Møbler. Om lag halvparten av dei 36 tilsette som stod utan arbeid, etter konkursen for tre veker sidan, vil no få tilbod om ny jobb.

Det var glede i Stordal i dag over ny produksjonen i lokala til Stordal Møbler. Om lag halvparten av dei 36 tilsette som stod utan arbeid etter konkursen for tre veker sidan, vil no få tilbod om ny jobb.

Stordal Møbler startar igjen etter konkursen i byrjinga av juni.

Trine-Lise Bjørge

Trine-Lise Bjørge var i aksjon igjen etter tre veker som arbeidslaus.

Foto: Frode Berg / NRK

For første gang på tre veker er produksjonen i gang igjen i lokala til tidlegare Stordal Møbler.

Etter konkursen tidleg i juni var bedrifta i gang igjen måndag – med eit lite namnebyte til Stordal Møbel.

Namnebyte er ikkje så viktig. Ei bedrift som gjenoppstår med frisk startkapital gjer at arbeidsplassar gjenoppstår. Allereie fredag kveld surra rykta om nystarten, og tidlegare tilsette blei glade då dei fekk telefonen dei hadde venta på.

– Dei ringde rundt og spurte om vi var interesserte i å starte opp igjen, fortel Trine-Lise Bjørge.

– Då skulle vi møte klokka 08.00 for ein uformell frukost og informasjon. Eg trur alle var glade for at vi no kanskje skulle få starta opp igjen, seier ho til NRK.

Charles Tøsse

Charles Tøsse meiner Stordal treng alle arbeidsplassane.

Foto: Frode Berg / NRK

Håpet har vore der

Produkta er dei same i bedrifta, men 36 tilsette har blitt til om lag halvparten. Dette er likevel ein viktig arbeidsplass i ei lita bygd.

– Det har vore dagar med spenning, men samstundes stort håp om at det skulle bli ny aktivitet i lokala. Det er vi sjølvsagt glade for, seier Stordal-ordførar Charles Tøsse (H).

Full aktivitet blir det derimot ikkje før i august. I første omgang er det viktig å få ut møblar som er bestilt før ferien – og alle i bygda er positive til ny drift, fortel styreleiar Ole H. Stavseng.

– Det har vore overveldande, nesten rørande, kor gode tilbakemeldingar vi har fått frå lokalsamfunnet, frå politisk hald og frå lag og organisasjonar. Vi har dei i ryggen, og dei vil gjere sitt for å halde på arbeidsplassar, seier styreleiaren i Stordal Møbel AS.

For bygda, med om lag 1000 innbyggjarar, ramlar mange prosent i arbeidsløyse når 36 arbeidsplassar forsvinn.

– Vi treng alle arbeidsplassane vi kan ha. Vi må gjere dette fordi vi trur på det. Det krev ganske mykje, og det må vere gjennomtenkt, avsluttar ein optimistisk Stavseng.

Ole H. Stavseng

Styreleiar i Stordal Møbler AS, Ole H. Stavseng, ser lysare på framtida.

Foto: Frode Berg / NRK