Hopp til innhold

Stordal held fram med å vekse

Stordal har i år hatt ei kampanje for å få fleire bedrifter til kommunen. No ser det ut til at kampanjen har gitt resultat.

Geir Hoff (til venstre), dagleg leiar i Sitwell, tek imot diplom frå Harald Espeland.

F.v.: Dagleg leiar i Sitwell, Geir Hoff, tek imot diplom frå Harald Espeland, prosjektleiar Vekst i Stordal.

Foto: Privat

Stordal er blant dei minste kommunane i Møre og Romsdal, og har opplevd å miste mange arbeidsplassar i møbelindustrien dei siste åra.

Det ville Harald Espeland gjere noko med. Han starta difor Vekst i Stordal.

– Vi er så vidt i gang, men vi har allereie sett lyspunkt. Det gleder vi oss over.

Vil ha 75 nye stillingar

Harald Espeland i Vekst i Stordal

Espeland peiker på Vekstvenene i Stordal.

Foto: Privat

Espeland fortel at dei har eit mål om å etablere 75 nye arbeidsplassar i Stordal i løpet av fire år.

– For å få til det treng vi mange gode vener. Dei som støtter oss setter vi veldig stor pris på, seier Espeland.

Dei som hjelper til med å få Stordal til å vekse blir kalla «Vekstvenn». Møbelbedrifta Sitwell har dei siste par månadene fått verkeleg god fart på verksemda og tilsett 5 nye personar.

– Dette ønskjer vi å markere ved å heidre dei som «Vekstvenn», seier Espeland.

Kan vinne 100 000 kroner

«Vekstvenn» er eit tiltak i regi av Vekst i Stordal. Kvar verksemd som tilsett nye personar etter 31.08.14 får eit nummerert diplom per nytilsett. Når målet om 75 nye arbeidsplassar i Stordal er nådd, blir det trekt eit nummer frå 1 til 75.

Premien for verksemda som har vinnarnummeret er kr 100 000.

– På denne måten ønskjer vi å vise at verksemdene sin innsats og vilje til å vekse blir sett pris på. Det er også ein fin måte å løfte fram alt det spennande og positive som skjer i næringslivet i Stordal, seier prosjektleiaren og legg til:

– Det er nokre kriterium for å bli «Vekstvenn», men det viktigaste er at det er ein berekraftig arbeidsplass i Stordal.