NRK Meny
Normal

Brygge på Averøy brann ned

Eit nedlagt fiskebruk på Kjønnøy i Averøy er fullstendig nedbrent. Mange kulturminner har gått tapt.

Brann Averøy

Det nedlagde fiskebruket er heilt utbrent.

Foto: Roar Halten / NRK

Brannen vart meldt klokka 02.29 og det har vore kraftige eksplosjonar frå propan i fem båtar som var lagra i det nedlagte fiskebruket. Vitne skal ha høyrt kraftige smell frå Nikolaibrygga.

– Det var ingen personar inne i bygninga, seier operasjonsleiar Leif E. Berge Ohr i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Bygget var overtent

Brann Averøy

Det var krevande å sløkke den store brannen, men det var aldri fare for at den skulle spreie seg.

Foto: Redningsskøyta Erik Bye

Vindretninga var gunstig og det var dermed aldri fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar.

Brannkorpset kom raskt til staden, men såg tidleg at det ikkje var råd å berge brygga, som var overtent.

– Sløkkinga var krevjande. Brannkorpset fekk bistand frå redningsskøyta Erik Bye som hjelpte til med sløkkinga frå sjøsida, seier Berge Ohr.

Ettersløkking

Politiet kan ikkje seie kva som er årsaka til brannen. Det vil ta ei stund før tekniske etterforskarar kan undersøke branntomta.

Tidens Krav opplyser at mange kulturminner gikk tapt i brannen.

– Det var bare trist å se at brygga brant ned, sier eier Lars Johan Sørvik til avisa.