NRK Meny
Normal

Storberget vil satse meir på fartskontrollar

Justisminister Knut Storberget var i dag like ved Noregs verste fartsstrekning, Eiksund-tunnelen. Eigentleg skulle han studere organiseringa av lensmannsetaten. Men dagens sjokkerande oppslag om fartsgalskapen fekk han til å love meir til fartskontrollar.

Video Justisministeren ved Eiksundtunnelen

I Eiksundtunnelen på Sunnmøre er det målt fart opp til 165 kilometer i timen. Dette er på den same strekninga der fem menneske miste livet i ei trafikkulukke for halvanna år sidan. Eiksundtunnelen er verdas djupaste undersjøiske tunnel. No varslar Knut Storberget meir kontrollar.

Eiksundtunnelen - verdas djupaste biltunnel

Her i Eiksundtunnelen har fotoboksa målt opp til 165 kilometer i timen.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

– Eg ønskjer meir fartskontrollar på norske vegar, seier Knut Storberget til NRK.

Fotoboksar og gjennomsnittsmålingar

I intervju NRK har gjort med ungdom dei siste dagane, har det kome fram at dei ofte vel eit køyremønster, med stor fart for så å slakke ned der fotoboksane står. Dermed er det mange av fartssyndarane som ikkje blir tekne. Knut Storberget tek til orde for meir gjennomsnittsmålingar.

Storberget møte på Sunnmøre

Knut Storberget skulle diskutere lensmannsorganisering. Men den høge farta i Eiksundtunnelen blei like viktig.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg ønskjer meir kontrollar, og dette kanskje enten i form av fotoboksar eller gjennomsnittsmålingar, seier Storberget.

Politiet ønskjer meir gjennomsnittsmålingar

Politiet sitt senter for automatisk trafikkontroll held til i Fræna. Der er Kjell Arne Hestad leiar. Han øsnkjer også meir gjennomsnittsmåling. Slike målestrekningar fins blant anna på Dovre, i Telemark og i Østerdalen.

Kjell Arne Hestad

Kjell Arne Hestad er leiar for ATK-sentralen i Fræna.

Foto: Roar Halten / NRK

– Eg trur folk vil tilpasse farta over ei lengre strekning om vi innfører gjennomstnittmålingar, seier leiar for ATK-sentralen, Kjell Arne Hestad.

– UP skal styrkast

På besøket sitt på Sunnmøre tysdag, varsla Knut Storberget også ei styrking av Utrykningspolitiet. Meir synleg politi på vegane skal få farta ned.

– UP må styrkast og politiet må vere meir synlege på vegane, seier Storberget til NRK.

– Vanvittig fart

Den største farta som er målt i fotoboksene i Eiksundtunnelen er 165 kilometer i timen. Denne opplysninga får Knut Storberget til å reagere sterkt.

– Eg tykkjer det er vanvittig at nokon får seg til å køyre i 165 kilometer i timen i Eiksundtunnelen, seier Knut Storberget.