Hopp til innhold

Stor utfart trass snøvêret siste dagane

Snøvêret hindrar ikkje møringar og romsdalingar i å dra på fjellet i helga. Dei mest trafikkerte ferjesambanda melder om stor trafikk.

Utsikt frå styrhuset på bilferja Norangsfjord

Bildekket var ikkje heilt fult på ferja over fjorden mellom Sykkylven og Magerholm midt på dag i dag. Men på ettermiddagen set bilrushet inn att.

Foto: Roger Rotnes

Verken snøfokk i indre strok eller regn i ytre delar av fylket, ser ut til å dempe turlysta til nordvestlendingane. Trafikken har vore særleg stor siste delen av vinterferien, ser det ut til.

– Her har det vore mykje meir trafikk enn vanleg. Dess meir det snø, dess meir aukar trafikken. Det er tydleg at mange vil på fjellet, for siste dagane har trafikken auka noko kraftig, seier styrmann Roger Rotnes på MF Norangsfjord.

Frå styrhuset ombord på bilferja Norangsfjord

Kaptein Norleif Husøy fekk tid til ein pust i bakken under vakta på MF Norangsfjord tidleg i ettermiddag.

Foto: Roger Rotnes

Ferja trafikkerer strekninga Magerholm- Sykkylven, og er mellom dei mest trafikkerte strekningane i landet. I snitt tar dei to ferjene på strekninga med seg i alt 5000 bilar i døgnet.

– Men no ligg vi langt over dette. Konkrete tal har vi ikkje enno, men langt fleire enn til vanleg tek ferjene her, seier Rotnes.

Nordmøringar på farta

Ferjesambandet Magerholm-Sykkylven ligg midt i løypa for ålesundarar og andre i ytre del av fylket som vil nytte skitrekka på Fjellsætra og Strandafjellet.

Medan ferjene over Romsdalsfjorden og på strekninga Festøy- Solevåg på E39, melder om normal trafikk siste dagane, noterer også ferjene mellom Halsa og Kanestrøm om stor utfart.

Frå styrehuset på bilferja Rauma over Halsafjorden

Odd Erik Ørbog smiler godt frå brua på MF Rauma på Halsafjorden, for her har trafikken gått jamnt og trutt heile veka.

Foto: Jostein Rakstang

– Her er det mykje trafikk, ja. Men avviklinga går svært bra, og vi har ikkje hatt noko problem med å ta unna alle bilane, seier skipper Jostein Rakstang om bord på MF Rauma.

Strekninga på Halsafjorden har vore ein flaksehals i helgar med stor utfart, men det har letta situasjonen at tre ferjer no trafikkerer sambandet.

– Det har blitt veldig bra no. Men så går det også ei ferje kvart 20. minutt, seier Rakstang.

Trykk i morgon

Alle ferjene i Møre og Romsdal som NRK har vore i kontakt med, reknar med ekstra stor trafikk i samband med heimfart frå vinterferien i morgon.

Magerholm ferjekai

Avgangstavla på Magerholm ferjekai.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Då blir det heilt sikkert eit stor trykk. Ikkje berre dei som skal heim etter vinterferien skal fraktast, men også dei mange som tek dagsturar no når skitrekka har mykje snø og fine forhold, seier Roger Rotnes frå styrhuset på MF Norangfjord.

På sterkninga Kvanne- Rykkjem ventar dei også stor trafikk når hyttefolk og andre returnerer frå Oppdal i morgon.

– Det vil vi merke godt, men trafikken skal vi takle, seier skipper på MF Solnør, Svein Bøe.

Han står ved roret på den einaste ferja som trafikerer Stangvikfjorden.

ferjekaia vestnes

Ferjekaia på Vestnes ein sein vinterkveld. Mange reisande kjem også til å krysse Romsdalsfjorden i morgon ettermiddag og kveld.

Foto: Tore Ellingseter / nrk

Meterologane slår fast at det i Møre og Romsdal skal bli opphaldsver og lettare skydekke i morgon ettermiddag. Dermed skulle det ligg bra an for heimfarta både for bilistane og for dei som syt for ferjetrafikken.