Hopp til innhold

– Vi tar terrorfaren på alvor

Ei stor terrorøving er i gang i Kristiansund. Politi og forsvar skal kjempe mot terror på norsk kontinentalsokkel.

Arnstein Nilssen

Politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt er klar for den store terrorøvinga.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Terrorøvinga «Gemini» handlar både om hav- og landinstallasjonar knytt til olje- og gassverksemd.

– Øving Gemini er ei fellesøving der spesialstyrkar frå forsvaret og politiet kjempar saman mot terror på norsk kontinentalsokkel, seier politimeisteren i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilssen.

Har ansvaret

Politimeisteren har ansvaret for øvinga. Han seier til NRK at det er viktig å ta terrortrusselen på alvor.

– Vi må ta terrortrusselen på høgste alvor. Dette er ikkje ei skrivebordsøving. Her er mykje folk i aksjon. Det blir aktivitet både ute i havet, og på land, forklarar han.

Ubåt i Ålesund

Ein ubåt var observert i Ålesund i dag. Uvanleg aktivitet kan bli observert dei næraste dagane i tilknyting til «Gemini».

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Arnstein Nilssen skal leie øvinga, men veit ikkje heilt kva konkret det er som skal skje. Men folk flest vil merke at noko spesielt er på gang.

– Det vil bli meir aktivitet enn folk er vande med. Kor mykje folk vil merke er vanskeleg å seie, det kjem heilt an på kva som skjer, seier han.

Stor øving

Øvinga er omfattande, og varer til onsdag. Både forsvarssjefen, politidirektøren, forsvarsministeren og justisministeren kjem til Kristiansund i tilknyting til øvinga.

– Sentrale aktørar i dette er forsvarets spesialkommando. Beredskapstroppen frå Oslo, bombegruppe, og utrykkingseininga frå Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Og politimeisteren gler seg til det som skal skje.

– Eg har gledd meg lenge til dette. Vi har gjort store endringar her på huset, og er no klare til å sette i gang, seier han.

«Gemini» er ei årleg øving der forsvaret trenar saman med politiet. Det er i hovudsak dei fire sokkeldistrikta, Rogaland, Nordmøre og Romsdal, Troms og Helgeland som deler på ansvaret for desse øvingane. Og i år er det altså Nordmøre og Romsdal sin tur. Sist dei hadde ansvaret for øvinga var i 2009, og då kom også kongen på besøk.

Kongen på terrorøvelse i Kristiansund
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I 2009 var kongen på terrorøvinga Gemini i Kristiansund.