Hopp til innhold

Stor stemning i Molde

Det vart folkefest då Molde tok imot NRKs sommarbåt fredag.

Sommerbåten utenfor Seilet i Molde

Sørover: Laurdag held sommarbåten fram på turen sin sørover på vestlandet. Då er det Ulsteinvik som får besøk.

Foto: Yngve Hustad Reite / NRK

Sommeråpent-sendinga frå sommarbåten i Molde er no slutt. Då MS «Sjøkurs» la til hamn i halv tretida fredag vart den møtt på kaia av eit stort folkehav, jassmusikk, salutt og til og med eit frieri.

Storkaia i Molde er fylt med folk som tar i mot NRKs Sommerbåt

Eit folkehav helste MS «Sjøkurs» velkommen då den la til kai i Molde 14.30 fredag.

Foto: NRK

I Sommeråpent-sendinga seinare på kvelden laga moldensarane nok ein gong folkefest og sørga for at TV-sjåarane fekk servert Sommeråpent i fine kulissar på kaia i Molde. Dei frammøtte og kveldens TV-sjåarar fekk mellom anna sjå song frå Fuglset Mannskor, intervju med Molde-kokka «Tante», innføring i blomekrans-binding og intervju med bloggar og forfattar Linnêa Myhre.

Laurdag drar sommarbåten vidare sørover, då er det Ulsteinvik som får besøk.