Hopp til innhold

– Ta ein ekstra kikk når du køyrer forbi

Ei stor steinblokk raste ned på den einaste vegen bebuarane har til sentrum. No blir dei bedt om å sjå opp når dei køyrer forbi rasområdet, fram til geolog har sjekka forholda.

Stor stein raste ut i Tingvoll

STOR STEIN: Ein stor stein raste ned på ein veg i Tingvoll onsdag kveld.

Foto: Tingvoll kommune

Onsdag kveld raste ein stor steinblokk på Honhammervegen i Tingvoll, ein veg som fem husstandar er avhengige av. Det var Tidens Krav som først meldte om saka.

Den store steinen vart fjerna onsdag kveld, men om det eventuelt kan rase fleire steinar, eller om vegen er trygg, skal ein geolog sjekke først fredag.

– Det som bekymrar oss er om det skal kome meir der den kom frå, det er ganske bratt og ulendt terreng, seier assisterande kommunedirektør i Tingvoll kommune, Bjørn Slettebakk.

Bebuarane får lov til å køyre i dagslys, men må vere på vakt når dei passerer området der det raste.

– Ta ein ekstra kikk opp når du køyrer forbi, seier Slettebakk.

For kommunen har vurdert at det er forsvarleg å køyre på vegen i dagslys.

Var først på staden

Martha Ebbesvik var ein av dei første som oppdaga den store steinen i vegen, og varsla kommunen.

– Det eg tenker på no er om dette berre er eit eingongstilfelle, eller om det vil komme noko meir, seier ho.

Ebbesvik bur på Ormestranda, og er saman med naboane sine avhengig av Honhammervegen for å komme seg til jobb.

– Eg var glad dei opna vegen igjen, for eg er avhengig av den, seier ho.

Samstundes har dei som bur der vore redd for at det ein gong skulle komme eit ras.

– Eg har aldri opplevd noko ras her tidlegare, men ein blir litt brydd når det kjem ein så stor stein ut i vegen, seier Ebbesvik.

Vart sjekka i 2016

Denne vegen er einaste måten bebuarane kjem seg til Tingvoll sentrum, om vegen skulle ha blitt stengt, så måtte ein ha sett opp båt. Og kommunen har vurdert rasfaren ved den aktuelle staden før.

– Området var vurdert for rasfare i 2016, og då konkluderte vi med at det ikkje var større fare for at det skulle gå ras der, men no har det kome ein ganske stor stein, så ein ny geolog skal ta ei ny vurdering fredag, seier Bjørn Slettebakk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL