Hopp til innhold

Stor snøskredfare tysdag

Faren for snøskred aukar til stor på tysdag for Sunnmøre, Romsdal og Trollheimen, opplyser NVE. Dermed er det fare for naturleg utløyste skred i fjellet. Måndag er faren betydeleg. To menn blei tatt av snøskred i Storlidalen i Trollheimen i dag, men kom seg ut.