Hopp til innhold

Stor samling av unge talent i Herøy

Nesten 400 ungdomar frå heile Møre og Romsdal er denne helga samla i Herøy for fylkesmønstringa i UKM.

UKM Møre og Romsdal 2015

30 ÅR: UKM feirar 30 år i år, og under fylkesmønstringa i Møre og Romsdal blir det markert med ein jubileumskonsert.

Foto: silje bjerknes / nrk

Kulturhuset i Herøy er denne helga tettpakka av spente deltakarar frå heile fylket. Småstresset spring dei mellom dei ulike romma. Overalt finn ein ungdomar som øver på dansetrinn, stemmer instrument eller gjer den siste finpussen før dei skal på scena.

Ein av dei som spring hektisk rundt mellom dei ulike delane av Kulturhuset er arrangørane, Else Marie Outzen. Ho har vore fylkeskontakt i UKM Møre og Romsdal sidan 2002.

– Det kjennest godt å vere i gong. Det er mykje spennande som skjer her i helga, og eg gler meg til å sjå alt deltakarane har å by på, seier ho med eit stort smil.

Feirar 30 år

I år er det 30 år sidan den første fylkesmønstringa vart arrangert i Molde. Ungdomens kulturmønstring (UKM) har i løpet av åra utvikla seg til å bli landets største offentlege satsing på ungdomskultur.

Else Marie Outzen

Arrangør Else Marie Outzen var glad for å komme i gong med helgas arrangement.

Foto: silje bjerknes / nrk

– Vi har eit tettpakka program denne helga. I tillegg til det vanlege UKM-programmet har vi ei jubileumskonsert laurdag kveld, seier Outzen.

Det som starta som eit musikkarrangement i 1985 er i dag eit av dei breiaste kulturarenaene for unge i dag. Kunstnarar, forfattarar, dansarar, musikarar, fotografar og mange andre talent samlar seg kvart år for å delta på UKM. Alle er velkomne, uansett talent eller interesse.

– Det som er unikt med UKM er at vi gir ungdomane ei scene og stå på. I tillegg er det veldig sosialt. Dei blir kjent med andre som er opptatt av det same som dei, og får møte ungdomar frå andre stadar i fylket, seier Outzen.

I tillegg til framsyningane kan deltakarane delta på ein rekke sosiale aktivitetar som blant anna workshops, låtskrivarkurs, bading og kunstkurs, for å nemne nokre.

Varierte bidrag

Det er totalt seks framsyningar i løpet av helga og klokka 20.00 fredag kveld går dei første av dei 370 deltakarane på scena.

Nathalie Fausa

Nathalie Fausa frå Molde deltok for fyrste gong i år.

Foto: silje bjerknes / nrk

Visuell kunst er også ein viktig del av UKM og allereie klokka 17.00 opna den store kunstutstillinga i Herøyhallen. Totalt 60 ulike kunstnarar representerer sine heimkommunar i fylkesmønstringa.

Ein av dei var tretten år gamle Nathalie Fausa frå Molde. Ho deltek med fire kjolar ho har designa og sydd sjølv.

– Eg har heldt på med dette sidan eg var 6–7 år og no hadde eg lyst å vise fram noko av det eg har laga, seier ho.

Fausa deltek på UKM for første gong i år, og ser fram til ei morosam helg.

– Eg syns det er veldig gøy og delta, det er veldig interessert å sjå på alle dei andre deltakarane. Og så gler eg meg til å sjå kjolane mine på scena i morgon, seier ho.

Kunstutstilling UKM Møre og romsdal 15
Foto: Silje Bjerknes / nrk