Hopp til innhold

Stor rasfare nord i fylket

Regn fører til auka rasfare i Trollheimen denne helga, melder varsom.no. Faregraden i fjellområdet mellom Indre Nordmøre og Sør-Trøndelag, er sett til 3 for morgondagen. Det inneber betydeleg fare for snøras. Det er fare for både våte flakskred, nysnøflak og laussnøskred. For Romsdal og Sunnmøre er faregraden berekna til 2 i helga, det vil seie moderat fare for snøras.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL