Hopp til innhold

Stor pågang hos apotekene

Fleire apotek i fylket har i dag hatt stor pågang på telefonen om utdelinga av tamiflumedisin.

En person får utdelt medisinen Tamiflu
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Torsdag kan alle kjkøpe Tamiflu utan resept (Sjå video over)

Frå i morgon kan kven som helst kjøpe medisin mot svineinfluensa utan resept på apoteka.

Apotekar Harald Brænne ved Apotek 1 Nordstjernen i Ålesund trur likevel ikkje det blir kaos og lange køar.

- Vi har jo vore gjennom slike "kaule" tidlegare, og det har no stort sett gått bra, seier Brænne.

For torsdag tidleg kan alle som vil gå på apoteket og hente ut medisin mot svineinfluensa. Det har helse- og omsorgsdepartementet sørga for.

Det einaste som krevst er at folk betalar omlag 70 kroner og fyller ut eit skjema der dei skriv kva som manglar dei.

Tamiflu skal ifølgje helsestyresmaktene forkorte sjukdomsperioden og redusere risikoen for komplikasjonar. Og dei som ikkje slapp til under massevaksinasjonane som starta i mange kommunar forrige veke, kan no få medisin i staden.

Har nok medisin

Fleire av apoteka NRK har snakka med har fått mange telefonar i dag, med spørsmål om medisinutdelinga som startar i morgon, men ingen reknar med kaos.

Også apotekar Harald Brænne ved Apotek 1 Nordstjernen i Ålesund trur dei vil ha nok til alle.

- Ja, frå og med torsdag morgon får vi tilgang til at som Staten har kjøpt inn, og det er snakk om fleire hundre tusen dosar med tamiflu så vi reknar med å ha nok, seier Brænne.