Hopp til innhold

Stor naudøving i Ålesund

Dei øver på å handtere det som ikkje skal skje. Oppdraget er å slokke ein brann i ein båt i Brosundet under ein festival.

Nødøvelse i Skansegata i Ålesund

Alle naudeetatane hadde i dag ei realistisk øving i Skansegata i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I dag skal alle naudetatane i Ålesund teste ut eit slikt scenario. Når folk om få veker samlast til festivalar i byen, vil dei som skal hjelpe vere budde.

Albert Gjørtz

Albert Gjørtz på kaia i Ålesund. Han er prosjektleiar for Tall Ships Races i Ålesund.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Hovudmålet er å teste ut korleis naudetatane snakkar saman på det nye naudnettet, i tillegg til at kvar etat har sine øvingsmål, seier prosjektleiar for Tall Ships Races i Ålesund, Albert Gjørtz.

Festivalen er ein av dei som kjem til å samle store folkemengder – og båtar – i sentrum av byen i sommar.

Sender ut varsling til innbyggjarane

Nødøvelse i Brosundet i Ålesund

Fleire blei 'redda' opp frå sjøen under øvinga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

For folk som ferdast rundt Brosundet vil øvinga merkast godt.

– Det blir ikkje sperringar, men folk vil nok kunne legge merke til stor aktivitet og sirener under øvinga, seier Gjørtz.

I tillegg blir folk som oppheld seg i området varsla via sms.

– Det kjem til å gå ut ein tekstmelding til mobilar som er i området, seier Gjørtz.

– Den går ut på norsk til nordiske mobilnummer og på engelsk til nummer som er registrerte andre stader.

Det betyr at så mange som 45 000 personar kan få ei tekstmelding tikkande inn på mobilen.

Stor øvelse i Brosundet i Ålesund i dag. Nødetatane fekk øvd på bruken av det nye nødnettet.

Sjå tv-saka frå naudøvinga. Foto/redigering: Alf-Jørgen Tyssing.