Politiet har mobilisert om lag 70 studentar frå politiakademiet som er med og går manngard i tillegg til hundar. To onklar er også med på leitinga, medan ei søster ikkje deltek i manngarden. Ho heng opp plakatar med bilde i håp om at nokon har sett Hilde.
I går blei bilen til familien tatt inn til teknisk undersøking, og politiet starta også gjennomsøk av huset og eigedomen.
Tett skogsområde
Leiteaksjonen i dag foregår i skogområda i nærleiken av huset der Hilde og mannen Werner bur. I tillegg vil tysk politi halde fram med å undersøke huset. Skogsområdet er stort og eit populært turområde med mange stiar. Reporter Gunhild Sætre som følgjer leitinga i Idzehoe, seier at skogen er svært tett og at det er fullt mogleg å bli borte der. Sjølv om området er flatt er skogbotnen tett og full av kvistar og kvas, slik at det også er vanskeleg å få oversikt over kva som kan ligge skjult i skogen. Leitemannskapa brukar søkestenger under leitinga.
Hilde Feddern Welle (Foto: privat)
12 dagar
Dei pårørande har venta lenge på at leitinga skal bli trappa opp. Politiet seier no at Hilde Feddern-Welle har vore sakna sidan natt til langfredag, ikkje skjærtorsdag, slik vi har meldt tidlegare. Dermed har ho no vore borte i 12 dagar utan at politiet i Tyskland har gjort stort, noko dei også har fått kritikk for.
Politiet seier dei leitte i tre timar påskeaftan, men det er forsvinnande lite sett i forhold til det store skogsområdet og den ressursbruken som er vanleg ved liknande saker i Noreg, meiner vår reporter i Idzehoe, Gunhild Sætre.
Lite kjent
NRK Møre og Romsdal sin reporter seier også at forsvinningsaka får lite merksemd i forhold til det vi er vande med her heime. Saka er omtalt i tyske media, men oppslaga er nokså anonyme. Når folk blir spurde om saka så er det få som kjenner til ho.